Poesi med pneumokoniose
Kinesisk gruvedrift var for ikkje mange år sidan verdas dødelegaste. I dag er ulykkesraten lågare, men løningar og rettar stemmer ikkje overeins med veksten i landet.
Gruvearbeidarar i Kina har fått auka merksemd gjennom kunst og fotografi dei siste åra. Mange av dei slit likevel framleis med låge løningar og mangel på grunnleggande arbeidsrettar.
Foto: Zhao Zhiwei
Virusangsten har atter ein gong teke grep om Beijing. Roadtrippen til austkysten fall ikkje lenger i smak hos autoritetane i provinsane eg hadde planlagt å besøkje. Eg er ikkje like fastlåst som under førre koronautbrot og har teke til å utforske kafeane som enno held ope i Aust-Beijing.
Eg kom då over ei diktsamling skriven av folk ein ikkje høyrer så mykje frå. Ifølgje utgjevaren av boka skriv såkalla «gongren», altså arbeidarar i låglønte yrke, enkle, men meiningsfulle dikt. Då eg prøver å tyde dei og gje dei norsk omsetjing, synest eg ikkje dei er enkle i det heile teke. Dikta av gruvearbeidaren Chen Nianxi gjer inntrykk.
Kven har lese dikta mine?
Kven har høyrt svolten min?
Folk, som snødekt jord.
Me er dei bortgløymde sporvane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.