Utanriks

Polakkane reiser, indarane kjem

Brexit har gjeve britane store kostnader og mange problem, men har òg opna nytt handlingsrom.

Mange protesterte i tida før Storbritannia forlét EU, og mange protesterer enno.
Mange protesterte i tida før Storbritannia forlét EU, og mange protesterer enno.
Publisert Sist oppdatert

To år har gått sidan Storbritannia gjekk ut av EU, og eitt år har gått sidan partane fekk på plass ein handels- og samarbeidsavtale. Mange økonomar har meint at brexit ville få negative økonomiske fylgjer. Har spådommane deira vist seg sanne? Det er ikkje lett å svare på. For berre to dagar før Storbritannia offisielt skulle forlate EU, kom det nye koronaviruset til kongeriket. Med andre ord: Akkurat då Storbritannia skulle gjennomgå ei potensielt farleg økonomisk skilsmisse, gjekk viruset til åtak på både folket og økonomien. Skaden vart stor. I det første året av pandemien, i 2020, fall Storbritannias bruttonasjonalprodukt (BNP) med heile 9,7 prosent, meir enn dobbelt så mykje som verdsøkonomien krympa same året.

Sjølv om det er vanskeleg å skilje effektane av brexit og pandemien, er det nokon som har gjort eit forsøk. Senteret for europeisk reform i London har prøvd å isolere dei økonomiske konsekvensane av brexit ved å lage ein slags dobbelgjengarmodell av Storbritannia.

Modellen er basert på utviklingstrendar i liknande land under pandemien. Dei kom fram til at britisk varehandel var 15,7 prosent lågare i oktober 2021, ni månadar etter overgangsperioden var over, enn han ville ha vore om Storbritannia vart verande i EU.

Britisk import frå EU har lide meir enn eksporten til EU. I november i fjor synte tal frå Office of National Statistics (ONS), det britiske SSB, at nesten to tredjedelar av eksportørane og tre fjerdedelar av importørane har møtt utfordringar som ekstra papirarbeid, auka transportkostnadar og auka tollavgifter. Britiske aviser skriv at den engelske kanalen no er blitt erstatta av ein jungel av red tape, altså byråkratiske krav og reglar. Det kostar å forlate den største fellesmarknaden i verda.

Mangel på arbeidskraft

Den viktigaste saka for «the brexiteers» var å minke innvandringa til Storbritannia. Grove estimat frå ONS tilseier at nettoinnvandringa til Storbritannia fall med heile 88 prosent frå 2019 til 2020. Igjen kompliserer pandemien biletet, men talet er slåande.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement