Krig
Polen og Ukraina: skyldfolk eller berre grannar?
Millionar av ukrainarar vil hugse med takksemd alt det polakkane har gjort for oss under den russiske aggresjonen, skriv Andrej Kurkov.
Monumentet til minne om hetman Bohdan Khmelnytskyj pryder framleis det historiske torget i Kyiv, men ukrainarar unngår å diskutere rolla han spela då Ukraina miste sjølvstendet til Russland på 1600-talet.
Foto: Alexey Beloborodov / Wikimedia Commons
Olga Viazenko er ein advokat og journalist som opphavleg budde i Kyiv, men som saman med mannen sin, Olexyi, flytta frå Ukraina til New Zealand for to år sidan. Der vart ho straks ein framståande person i den ukrainske diasporaen.
Da Russland byrja bombardere Kyiv, sat Olga med eit fast grep om mobiltelefonen i dagevis og freista overtyde mor og svigermor si om å forlate landet så snøgt som råd. Til slutt reiste dei begge. Mor til Olga tok favoritthunden sin med seg – ein terrier som heitte Patrick.
Samstundes sat Olga ved datamaskina frå morgon til kveld og bad om hjelp på internettet. For det meste vende ho seg til polakkar, ettersom Polen tok imot hovudstraumen av ukrainske flyktningar. Den polske diasporaen i New Zealand var òg med på å hjelpe ukrainske flyktningar. (Dei fleste polakkane i New Zealand hadde framleis skyldfolk og vener i Polen.)
Dei første som svarte på desse ropa om hjelp, var eit polsk par som budde i USA, Michal og Gosia. Dei kjøpte straks flybillettar og flaug til Polen for å treffe Lyudmila, mor til Olga, og Natalya, mor til mannen hennar. Michal og Gosia møtte Lyudmila og Natalya i Warszawa, og tok dei og hunden med seg til Krakow, der dei plasserte flyktningane i huset dei eig, men som til vanleg står tomt.
I fleire veker budde Michal og Gosia i huset saman med dei ukrainske flyktningane. Dei fortalde alt nykomarane trong å vite om det å bu i Polen. Etterpå betalte dei ein månads hotellopphald for Lyudmila og Natalya og flaug attende til USA. Lyudmila og Natalya var sikre på at dei ikkje ville vere i Polen meir enn nokre få veker, for ambassaden til New Zealand i Warszawa hadde godteke visumsøknaden deira raskt og utan spørsmål.
Dessverre tok det mykje lengre tid å få visum enn nokon hadde venta, og dei to kvinnene laut enda ein gong sjå seg om etter ein stad å bu. Igjen var internettet til hjelp. Ein ung polakk, Pavel, svara på den nye oppmodinga om hjelp. Han henta Lyudmila og Natalya i Krakow og tok dei med til landsbyen sin, Nieperet, førti kilometer frå Warszawa. Han husa dei gratis i sin eigen heim og køyrde dei til butikken og til legetimar. Lyudmila og Natalya måtte bu i huset hans i seks månader.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.