Politikarar bryt sjølvmeldingsplikta
To statsrådar og fire stortingsrepresentantar bryt rapporteringsplikta dei er pålagde til stortingsregisteret om eigne økonomiske interesser.
Statsrådane Ingvil Smines Tybring-Gjedde (Frp) og Dag Inge Ulstein (KrF) hadde ikkje levert opplysningar til stortingsregisteret to månadar etter at dei vart statsrådar. Dei har vore statsrådar sidan 22. januar og hadde ein månads frist på seg til å levere opplysningane.
Kommunikasjonsavdelinga i Utanriksdepartementet hevdar at statsråd Ulstein skal ha levert, men ingenting er registrert motteke på Stortinget. Tybring-Gjedde leverte opplysningar fredag 22. mars etter pågang frå Dag og Tid.
Høgrerepresentantane Kristian Tonning Riise (Hedmark), Frida Melvær (Sogn og Fjordane) og Astrid Nøklebye Heiberg (Oslo) og Frp-representanten Silje Hjemdal (Hordaland) har heller ikkje levert opplysningar til registeret.
Registerførarane på Stortinget har alltid sagt at dei har hatt god hjelp av medieomtale for å få etternølarane til å levere opplysningar til registeret.
Wara og Thommessen
Tor Mikkel Wara vart 4. april i fjor justis- og beredskapsminister. 13. juni i fjor konfronterte Aftenposten han med at han ikkje hadde levert opplysningar til registeret. Via kommunikasjonsavdelinga i departementet svarte han at han skulle levere opplysningar etter å ha selt seg ut av aksjeselskap og gått ut av fleire styre. Han nekta å opplyse kva styre han hadde gått ut av, ville ikkje svare på kvifor han ikkje hadde levert, og ville heller ikkje svare på kva han syntest om at han som justisminister ikkje fylgde stortingsvedtaket.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.