Politikk

– Statsrådane skulle ha gått av for å kunne søke

Carl I. Hagen er ikkje i tvil: Elisabeth Aspaker, Bent Høie og Frank Bakke-Jensen skulle alle ha gått ut av Solberg-regjeringa før dei kunne søke statlege embete.

Publisert

Carl I. Hagen seier til Dag og Tid at han meiner det er svært uryddig at Erna Solberg har innført den praksisen at regjeringskollegaer utnemner kvarandre til nye statlege embete. Hagen reagerer særleg på Bakke-Jensen-saka der søknaden til overmål vart halden hemmeleg, og synest det er bra at Dag og Tid klaga hemmeleghaldet inn til Sivilombodsmannen som så kom med klar kritikk av hemmeleghaldet. Ombodsmannen understreka nettopp poenget med behov for innsyn når søkaren var medlem av same organ som stod for tilsettinga.

Hagen sat sjølv i kontrollkomiteen på Stortinget gjennom fire stortingsperiodar, i 16 år, og var ein av dei representantane som hadde størst innsikt og engasjement i konstitusjonelle spørsmål og naut respekt på tvers av partigrensene.

Det har, slik Dag og Tid tidlegare har dokumentert, vore fast praksis heilt sidan 1908 at statsrådar som har ynskt seg andre stillingar i det offentlege, har måtta gå av som statsråd før dei kunne søke nye stillingar.

Dag og Tid har fleire gongar påpeika det underlege i at Stortinget ikkje har reagert på utnemningane av dei to fylkesmennene Elisabeth Aspaker og Bent Høie i 2014 og 2018. Men ved utnemninga av Frank Bakke-Jensen til fiskeridirektør kom reaksjonane.

Krev svar

Kontroll- og konstitusjonskomiteen har no bede næringsminister Iselin Nybø (V) om innsyn i «all relevant kommunikasjon» knytt til utnemninga av Bakke-Jensen som fiskeridirektør. Medlemene i Ap, Sp og SV har også bede statsministeren om svar på kvifor regjeringa hennar har brote ein meir enn 100 år gammal praksis og føresetnad frå Stortinget om at regjeringa ikkje utnemner eigne medlemer til nye embetsstillingar. Dette ville regjeringspartia og Frp ikkje vere med på, men statsministeren må no svare.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement