Politikk
Avviser ukultur
Fekk dei folkevalde den informasjonen dei trong, før dei vedtok å opne Barentshavet søraust for petroleumsverksemd? Ja, meiner tidlegare statsråd Ola Borten Moe (Sp).
Tidlegare olje-og energiminister Ola Borten Moe (Sp) i den opne høyringa i Kontroll- og konstitusjonskomiteen måndag denne veka.
Foto: Heiko Junge / NTB
Då Stortinget fatta vedtak om å opne Barentshavet søraust for olje- og gassverksemd i 2013, var dei folkevalde informerte om at ei slik verksemd kunne gje betydeleg lønsemd, rekna til ein stad mellom 50 og 280 milliardar kroner, alt etter scenario, så sant funna var drivverdige. På dette tidspunktet var det ukjent for dei at Oljedirektoratet også hadde rekna på noverdien av ei slik verksemd, og at denne var vurdert langt lågare, om lag 50 milliardar kroner, med stor uvisse begge vegar. Reknestykket viste også at det, sjølv med ein oljepris på 120 dollar fatet, var 25 prosent sjanse for at ressursane ikkje ville gje lønsemd, ifølgje NRK.
Opplysninga førte til ei open høyring i Stortinget denne veka, der dåverande olje- og energiminister Ola Borten Moe forsvarte informasjonen som vart gjeven til Stortinget i 2013.
– Du sa i høyringa at du ikkje visste at Oljedirektoratet hadde rekna på noverdien av olje- og gassverksemd i Barentshavet søraust, før du la fram opningsmeldinga for Stortinget i 2013. Skulle du gjerne ha sett utrekninga?
– Inngangsspørsmålet om denne stortingshøyringa er om Stortinget fekk all relevant informasjon, og svaret på det er ja. Dei folkevalde har fått dei same tala og det same ressursgrunnlaget, men desse er framstilte på to ulike måtar. Den eine er diskontert og den andre ikkje.
– Skulle du gjerne ha sett utrekninga frå direktoratet?
– Det hadde ikkje gjort noko frå eller til. Det hadde vore uproblematisk å leggje henne inn med dei atterhalda som ligg til grunn. Sett på spissen: Korleis reknar du ut noverdien av lottovinsten du skal få neste månad? Det hadde ikkje tilført noko.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.