Politikk

Brot med etablert praksis

I 2006 fastslo Statsministerens kontor (SMK) at det ikkje kom på tale å utnemne ein sitjande statsråd i ei ny statleg stilling. SMK opplyser nå at det har vore ukjent for Erna Solberg.

Statsminister Erna Solberg står fast på at ho kan utnemne statsrådar i eiga regjeringa til embetsstillingar.
Statsminister Erna Solberg står fast på at ho kan utnemne statsrådar i eiga regjeringa til embetsstillingar.
Publisert

I mars 2006 stilte partileiar og parlamentarisk leiar i KrF, Dagfinn Høybråten, spørsmål til statsminister Jens Stoltenberg (Ap) om kva retningsliner regjeringa ville fylgje om ein statsråd, statssekretær eller politisk rådgjevar ville søkje ei stilling der regjeringa/ Kongen i statsråd eller eit departement tok den endelege avgjerda.

Opplysningane om spørsmålet frå Høybråten og Stoltenbergs svar kom fram under den opne høyringa i kontroll- og konstitusjonskomiteen fredag 9. april om utnemningspraksisen til statsminister Erna Solberg.

Konfronterte Solberg

Statsministerens kontor opplyser nå til Dag og Tid at statsminister Erna Solberg (H) var ukjend med konklusjonane frå 2006 før leiaren i kontrollkomiteen, Dag Terje Andersen (Ap), konfronterte henne med desse opplysningane i høyringa sist fredag.

Bakgrunnen for Høybråtens spørsmål var at Helen Bjørnøy (SV), som då var miljøvernminister, var lansert som kandidat til bispestolen på Hamar. Høybråten sat då i kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget.

Svaret frå Stoltenberg var klart: «Under ulike regjeringer i etterkrigstiden har en fulgt den praksis at statsråder, statssekretærer og politiske rådgivere må ha sluttet i stillingen en viss tid før regjeringen eller departementet foretar utnevning eller ansettelse i ny høyere stilling i staten.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement