JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Den utdaterte loven

Abortutvalet tilrår å vrake heile dagens abortlov.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hausten 2018 vart det demonstrert mot innskrenkingar i abortloven etter at Erna Solberg hadde opna for abortforhandlingar med KrF. Framover kan det verte meir strid om abortloven.

Foto: Trond Reidar Teigen / NTB Foto: Trond Reidar Teigen / NTB

13590
20240105

Abort i Noreg

Abort er regulert av lov om svangerskapsavbrudd frå 1975.

I 1978 vart loven om sjølvbestemt abort vedteken av Stortinget. Retten gjeld til utgangen av 12. svangerskapsveke.

Kvinner som ønskjer abort etter 12. svangerskapsveke, må søkje ei abortnemnd om løyve.

I 2022 vart det gjennomført rundt 12.000 abortar i Noreg, noko som er nesten 4000 færre enn i 2010.

Dei fleste abortar vert utførte før 9. svangerskapsveke, og av alle abortar i 2022 var over 95 prosent sjølvbestemte, altså gjennomført før 12. svangerskapsveke.

Abort

eva@dagogtid.no

Like før jul la abortutvalet fram rapporten som tilrår å utvide grensa for sjølvbestemt abort frå veke 12 til veke 18 av svangerskapet. Utvalet føreslår òg å avvikle dagens abortnemnder og erstatte dei med eit nytt nemndsystem som skal ta avgjerder om abort etter 18. svangerskapsveke og avgjerder om såkalla fostertalsreduksjon, som vil seie abort av eitt eller fleire – men ikkje alle – foster i eit fleirlingsvangerskap.

Men utvalet gjer langt meir enn å tilrå endringar i loven. Det går inn for å vrake heile dagens abortlov – kvar einaste paragraf – og erstatte han med ein ny som er betre tilpassa dagens samfunn. «Dagens abortlov er utdatert», heiter det i rapporten.

Mangelfull lov

At loven, som i stor grad har stått uendra sidan han vart vedteken i 1975, ikkje er heilt oppdatert, er ikkje overraskande, heller ikkje nytt. Det var nett det som var bakgrunnen for diskusjonen om fosterreduksjon for nokre år sidan: Fertilitetsbehandlinga som aukar sjansen for fleirlingsvangerskap, kom til Noreg nokre år etter abortloven, og loven frå 1970-talet sa såleis ikkje noko særskilt om fosterreduksjon før i 2019, då Erna Solberg hadde fått KrF med i regjeringa mot lovnader om å gjere endringar i abortloven.

At abortloven er mangelfull, kan også lesast ut av rapporten frå Kvinnehelseutvalet frå mars i fjor. Den slo fast at det var behov for betre oppfølging av kvinner etter abort, og at eit stortingsvedtak frå 2020 om å sikre slik oppfølging, ikkje var gjennomført i praksis.

Men nøyaktig kor lite i takt med tida både loven og praktiseringa av loven er i dag, overraska til og med Kari Sønderland – jurist og tidlegare ekspedisjonssjef i Helse- og omsorgsdepartementet – som har leidd abortutvalet.

Ho seier ho særleg er overraska over kor negativt kvinner har opplevd møta med dagens abortnemnder, og kor lite systematisk og føreseieleg praksisen i nemndene har vore. Vedtaka har òg vore relativt lite kunnskapsbaserte, og det har vore svak kontroll med arbeidet i nemndene, ifølgje Sønderland.

– Dei som sit i nemndene har nok dei beste intensjonar. Det vi reagerer på, er fyrst og fremst systemet. Det er lite føreseieleg for kvinnene. Dei veit ikkje heilt kva dei går til når dei kjem til ei nemnd, seier Sønderland.

Få avslag

Etter dagens lov avgjer abortnemndene søknader om abort frå svangerskapsveke 13. Nemndene er sette saman av to legar, ei kvinne og ein mann, og det finst i 23 av dei kringom i landet. I tillegg finst det ei abortklagenemnd med fem medlemmer som får alle avslag frå dei 23 nemndene opp til ny vurdering.

Nemndene har handsama mellom 578 og 685 søknader om abort årleg dei siste ni åra, og dei fleste søknadene vert innvilga, ifølgje abortutvalet. I 2022 var det til dømes mindre enn ti kvinner som fekk avslag på abortsøknaden i klagenemnda.

Like fullt har det vore misnøye med nemndene, noko det òg har vore merksemd om i media dei siste åra. Fleire som har søkt om abort etter 12. svangerskapsveke, har opplevd møtet med nemndene som ubehageleg og som ei tilleggsbelasting i ein vanskeleg situasjon. Abortutvalet har henta inn eiga forsking om kvinners erfaringar og oppsummerer det slik: «Kvinnenes erfaringer med abortnemndsystemet preges av skjevheten i makt mellom dem selv og nemnda. Denne skjevheten begrenser rommet for tvil og muligheten for en god og opplystende dialog.»

I kva grad det ville vorte færre abortar om «rommet for tvil» og høvet til ein god og opplyst dialog ikkje var avgrensa, finst det ikkje noko svar på. Og det heng ifølgje Sønderland saman med ei anna utfordring ved dagens nemndsystem:

– Vi veit for lite om arbeidet i nemndene, og det er lite som er dokumentert. Nemndene grunngjev i liten grad vedtaka, dei berre syner til ein paragraf, seier ho.

– Lite føreseieleg system

Frå abortutvalets rapport går det òg fram at dei fleste abortnemndene i dag manglar system for å sikre lik praksis eller kvalitet i nemndarbeidet, og at det heller ikkje finst noko godt system for å sikre lik praksis på tvers av nemndene. Forhold som resulterer i avslag på abort éin stad på eitt tidspunkt, kan altså føre til innvilga abort på ein annan stad på eit anna tidspunkt.

I tillegg har det vore svært lite tilsyn og kontroll med praksisen i nemndene. Abortutvalet skriv at det også er overraska over kor lite det er forska på verksemda og praksisen deira.

– Kva er grunnen til at nemndsystemet har fått utvikle seg slik?

– Eg trur det er fordi ein har oppfatta at abortkompromisset frå 1970-talet var skøyrt, og at det ikkje har vore noka stor politisk interesse for å endre det. Det har skjedd nokre ting likevel. Helsedirektoratet har laga retningsliner og rettleiarar, og det er nedfelt nokre prinsipp for arbeidet i nemndene. Erfaringa vår er likevel at sjølv det som er nedfelt i rettleiarar og forskrifter, ikkje alltid vert følgt, seier Sønderland.

– Kunne de ikkje gått inn for å betre dagens nemnder og system heller enn å avvikle dei?

– Vi hadde ein del diskusjon om dette, men vi såg relativt raskt at det trengst eit heilt anna avgjerdsorgan. Nemndene i dag følgjer heller ikkje forvaltingsloven i særleg grad, seier ho.

– Ikkje lenger relevans

Abortutvalet føreslår at abortnemndene i dag skal erstattast av fem til ti nye abortnemnder som ligg tettare opptil ordinære forvaltingsorgan, og som skal bidra til ei meir effektiv, lik og transparent saksbehandling og gje betre rettstryggleik. Ei nasjonal klagenemnd skal kvalitetssikre og rettleie nemndene.

I tillegg skal dei nye nemndene altså få langt mindre å gjere, i og med at dei berre skal avgjere søknader om abort etter svangerskapsveke 18, om utvalet får det som det vil. Det er dette siste som er det mest kontroversielle forslaget.

Utvalsfleirtalet grunngjev forslaget med menneskerettane og kvinners rett til sjølvbestemming og peikar på at den tidlegare grunngjevinga for å innskrenke sjølvbestemminga ikkje lenger har same relevans: Abortinngrep inneber i dag svært liten helserisiko for kvinna, og då har ikkje behovet for medisinsk kompetanse same relevans i dag som då abortloven vart innført.

Dessutan får kvinner i dag tilbod om tidleg ultralyd før utgangen av 14. svangerskapsveke, og gravide over 35 år får tilbod om utvida fosterdiagnostikk i form av den genetiske fostertesten NIPT, som står for non-invasive prenatal testing (analyse av ein blodprøve frå den gravide). Gjennom desse undersøkingane får dei informasjon som kan vere avgjerande for om dei ønskjer å halde fram svangerskapet eller ikkje, samstundes som dei med lovverket i dag ikkje har høve til å gjere val på bakgrunn av informasjonen dei får.

I tillegg vert det peika på at dagens 12-vekersgrense er symbolsk, i og med at dei fleste som søkjer abort fram til veke 18, får ja.

Praksis og tradisjon

Sønderland meiner utvidinga av abortgrensa er ei av dei viktigaste endringane utvalet føreslår. Samstundes er det på dette punktet dissensar i utvalet. Eit mindretal på to medlemmer har gått imot utviding og argumenterer mellom anna med at å utvide abortgrensa tonar ned verdien til fosteret og kan bidra til mindre aksept for det som er annleis. I tillegg syner dei til at behandling i abortnemnd kan vere til støtte for nokre gravide, og at det ikkje finst gode argument for å setje grensa nett ved 18 veker.

Det siste vert òg framheva av eit tredje utvalsmedlem, som er imot 18-vekersgrensa, men meiner grensa for sjølvbestemt abort bør flyttast til 22. svangerskapsveke.

Sønderland stadfestar at 18-vekersgrensa verken kan grunngjevast logisk eller medisinsk.

– At vi landa på 18 veker, har med tradisjon, haldningar og utviklinga til fosteret å gjere. Det var òg tungtvegande at 18. veke er eit tidspunkt som er forankra i gjeldande lovgjeving, seier ho.

I dag seier loven at etter 18. svangerskapsveke skal det særleg tungtvegande grunnar til for å gjennomføre abort.

Nabolandet Sverige har òg hatt sjølvbestemt abort fram til utgangen av 18. svangerskapsveke sidan 1974.

Den mest avgjerande faktoren for at utvalsfleirtalet på ti personar har gått inn for 18-vekersgrense, er derimot at dei fleste som i dag søkjer om abort før dette tidspunktet, får ja, seier Sønderland.

– I 2022 vart det ikkje gjeve eit einaste avslag på abort før 18. svangerskapsveke. Så det å krevje at kvinner skal i nemnd når praksisen er slik at alle får medhald, det ser vi ikkje grunn til, seier ho.

Landskap i rørsle

– Men uavhengig av praksis, er det ikkje viktig i seg sjølv å ha eit prinsipp om at ufødd liv òg har vern?

– Ja, det er viktig å ha eit slikt prinsipp, og alle i abortutvalet meiner fosteret har rettsvern, men det er ulike oppfatningar om kva tid det vernet slår inn. Samstundes er det summen av argument som er viktig, ikkje berre dagens praksis. Var det berre praksisen det stod på, kunne vi stramma inn regelverket i staden. Men det er heilskapen. Og kvinners rett til å bestemme sjølv som følgje av menneskerettane har vege tungt. For dei som gjekk inn for 18. veke, har det vege tyngre enn fosterets rettsvern, medan dei som vil la lovgjevinga vere som i dag, har vurdert det annleis, seier Sønderland.

– Ein del kvinner vil truleg synast det er vanskelegare å utføre ein abort dess lengre tid det går. Ein kan sjå føre seg at det å få godkjenning frå ei nemnd kan vere med på å lette byrda for dei. Kan ikkje ei abortnemnd òg fungere slik?

– Ja, og nokre kvinner seier nett det. Men dei er i mindretal. Forskingsprosjektet som er gjort, syner at dei fleste kvinner opplever det annleis. Det er ikkje eit anten–eller-spørsmål, men dei fleste opplever nemndene som noko negativt og invaderande, seier ho.

– Politisk har grensa på 12. veke lenge fungert som eit kompromiss, og det har vore usemje på begge sider. Er det ikkje fare for meir usemje, konflikt og stadige omkampar om ein no byrjar å endre på kompromisset?

– Det får vi sjå. Det var jo same situasjon på 1970-talet, med knapt fleirtal for sjølvbestemt abort til veke 12. I dag er det få som protesterer mot at det skal vere lov. Kan hende skjer det same igjen, slik at det er veke 18 som vert det nye kompromisset. Sidan vi la fram innstillinga, er det fleire som har gjeve uttrykk for at dei synest vi burde gått lenger, og at omsynet til kvinners rett til å bestemme over seg sjølv tilseier at dei må sleppe å gå til ei nemnd – slik at det er 22. veke som er grensa for sjølvbestemt abort.

Vernar KrFs siger

Tilrådingane frå abortutvalet er sende på høyring med frist i mars, og det er venta at regjeringa seinare fremjar eit lovforslag til Stortinget.

Ap, SV, Raudt, Venstre og MDG har alt vore tydelege på at dei vil utvide grensa for sjølvbestemt abort. Høgre, Frp, Senterpartiet og KrF vil halde på 12-vekersgrensa, men ved ei handsaming i Stortinget kjem både Frp og Sp til å fristille representantane sine, er det sagt.

Kva regjering og Storting synest om alle forslaga samla, står uansett att å sjå. Og det er fleire element som kan tenkjast å skape debatt.

Eit knapt fleirtal i abortutvalet går inn for at abortnemndene framleis skal ha siste ord i spørsmål om fostertalsreduksjon, uavhengig av om det er tidleg eller seint i svangerskapet. Den tilrådinga inneber å verne om den omstridde innstramminga KrF fekk gjennom i abortloven i 2019.

Utvalet meiner elles at 16-årsgrensa for abort, det vil seie regelen om at jenter under 16 år må ha samtykke frå foreldre for å gjennomføre ein abort, må fjernast, og at det bør opnast for at tidlegabort i framtida kan tilbydast også andre stader i helsetenesta enn på sjukehus. I tillegg vert det tilrådd å lovfeste retten til oppfølging etter ein abort.

Ventar ingen auke

Abortutvalet føreslår endåtil å endre sjølve føremålsparagrafen til abortloven og vil fjerne formuleringa som seier det er eit mål at talet på svangerskapsavbrot skal vere så lågt som mogleg.

– Bør ikkje det vere eit mål?

– Ja, og det målet ligg til grunn for vurderingane og forslaga våre, men den tidlegare føremålsparagrafen er ikkje slik det er venta at ein føremålsparagraf i norsk lov skal vere i dag. Det er fyrst og fremst føremålet med loven som skal inn i paragrafen, og føremålet med abortloven er å sikre gravide rettar og sikre respekten for det ufødde livet. Paragrafen i dagens lov går langt utover dette.

– De skriv at forslaget dykkar ikkje er venta å påverke talet på abortar. Samstundes syner ei jamføring med andre nordiske land at både Sverige, som har hatt sjølvbestemt abort til veke 18 sidan 1970-talet, og Island, som i 2019 innførte sjølvbestemt abort til veke 22, begge har høgare aborttal enn Noreg i dag. Kva tenkjer abortutvalet om det?

– Faktisk har aborttala på Island gått noko ned etter at landet fekk ny lov. Når det gjeld Sverige, veit vi at mange kvinner frå andre land dreg til Sverige for å få utført abort der, så det kan spele inn. Men kvifor Sverige ligg høgare enn andre nordiske land, har vi ikkje grunnlag for å seie noko om. Og det finst heller ikkje grunnlag for å seie at dei høgare aborttala i Sverige kjem av at dei har sjølvbestemt abort til veke 18, seier ho.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis