Departementsråd var truleg mister X
Ein toppembetsmann i Forsvarsdepartementet var involvert i rekrutteringa av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) til stillinga som fiskeridirektør.
Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen spurde statsminister Erna Solberg om han som statsråd kunne søkje stillinga som fiskeridirektør.
Foto: Jil Yngland / NTB
Embetspolitikk
vidar@dagogtid.no
I den omstridde utnemninga av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen til ny fiskeridirektør, kjem stadige nye opplysningar på bordet. Bakke-Jensen opplyste straks etter at han vart utnemnd, 21. september i fjor, at han vart beden om å søke. Men han har konsekvent nekta å opplyse kven som bad han søke.
I brev til kontroll- og konstitusjonskomiteen onsdag denne veka, meir enn ei veke etter fristen, opplyser han at han vart kontakta av sin eigen departementsråd, Arne Røksund, om fiskeridirektørstillinga. Røksund var på si side kontakta av hovudjegerfirmaet som var engasjert i tilsettingssaka, med spørsmål om det var greitt at firmaet tok kontakt med Bakke-Jensen om direktørjobben. Det svara Bakke-Jensen ja til.
Spurde Solberg
Røksund har bakgrunn som assisterande departementsråd i Nærings- og fiskeridepartementet og har god kjennskap til Fiskeridirektoratet, skriv næringsminister Iselin Nybø (V) i brev til kontroll- og konstitusjonskomiteen.
Etter dette er det rimeleg grunn til å konkludere med at departementsråd Arne Røksund i Forsvarsdepartementet er den mystiske ukjende, mister X, som Bakke-Jensen hittil har nekta å avsløre som kontakten som oppmoda han om å søke stillinga som fiskeridirektør.
I brevet statsråd Nybø nå har sendt til kontrollkomiteen, blir det også utbrodert at Bakke-Jensen spurde statsminister Erna Solberg, før han søkte stillinga, om det var greitt at han som sitjande statsråd søkte ei slik stilling. Bakke-Jensen hadde altså i motsetnad til Erna Solberg ein tanke om at dette kunne vere problematisk.
Men samstundes sytte Bakke-Jensen, med hjelp frå Venstre-statsråd Nybø, for at søknaden hans vart halden hemmeleg heilt til han vart utnemnd. Dette hemmeleghaldet er sterkt kritisert av Sivilombodsmannen etter klage frå Dag og Tid.
Inga motførestilling
Som Dag og Tid tidlegare har meldt, hadde – og har – statsministeren ingen motførestillingar mot at sitjande statsrådar kan søke og bli utnemnde til nye embetsstillingar og halde fram som statsrådar.
Statsministeren har argumentert med at så lenge det ikkje er uttrykkeleg forbode i Grunnlova eller anna lovverk, står regjeringa fritt til å fylgje den praksisen ho har innført sidan 2014 og nytta seg av ved tre høve.
Det er dette prinsippet kontroll- og konstitusjonskomiteen nå har sett søkelyset på, etter at Dag og Tid har dokumentert at Stortinget i 1909 tok eit kraftig oppgjer med ein slik praksis. Alle regjeringar seinare har retta seg etter dette, inntil regjeringa Solberg slo inn på sin nye praksis.
– Det som kom i desse breva, er interessant nok. Men eg reagerer sterkast mot statsministerens svar, som eg opplever som forsøk på tåkelegging og avsporing av kva denne saka handlar om, seier Dag Terje Andersen (Ap), som er leiar i kontroll- og konstitusjonskomiteen, til Dag og Tid.
– Å prøve å framstille det slik at det berre handlar om avgrensingar for kva eit forretningsministerium kan gjere, er totalt misvisande, når alle regjeringar, frå Gunnar Knudsens i 1908 til og med Jens Stoltenbergs, har halde seg unna det Solberg driv med. Å utnemne kollegaer til nye jobbar er openbert noko ein ikkje skal drive med. Og så på toppen av dette, prosessen kring utnemninga av Bakke-Jensen til fiskeridirektør. Dette er lite bra, seier Andersen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.