Politikk

Finansdepartementet snur

Finansdepartementet kastar korta og gjev innsyn i dokumentlistene i Meyer-saka. Det skjer etter Sivilombodets sterke kritikk mot departementet.

Medieoppbodet var stort då det storma som verst kring SSB-sjef Christine Meyer.
Medieoppbodet var stort då det storma som verst kring SSB-sjef Christine Meyer.
Publisert

Finansdepartementet har heilt sidan januar i 2022 nekta å gje Dag og Tid innsyn i dokumentlistene som skal innehalde oversyn over alle dokumenta som finst i saka som enda med at direktøren i Statistisk sentralbyrå, Christine Meyer, gjekk frå stillinga i november 2017. Avgangen skjedde etter ein opprivande strid med Finansdepartementet ved dåverande finansminister Siv Jensen (Frp).

Avgangen vart seinare granska av kontrollkomiteen på Stortinget, som kom med klar kritikk mot finansministeren for handteringa av saka.

Finansdepartementet viser nå berre til avgjerda frå Sivilombodet i klagesaka frå Dag og Tid for å forklare at ein nå har snudd. Det betyr at departementet ikkje har svara på spørsmålet frå Sivilombodet om kva slags heimel departementet har meint å ha for å kunne nekte innsyn i dokumentlistene. Avgjerda frå Finansdepartementet kom på siste dag av trevekersfristen Sivilombodet gav.

Større aktivitet

Dokumentlistene Dag og Tid nå har fått tilgang til, viser at det har vore langt større aktivitet i kulissane før avgangen til Meyer enn det som til nå har vore kjent. Det er fleire møtereferat og notat i saka enn det som har kome fram i postlistene, og langt fleire dokument enn dei listene Finansdepartementet oversende til Dag og Tid i september i fjor, presentert som «dokumentlister».

Ein kan berre ane kva slags motiv Finansdepartementet har hatt, dels for å løyne at dokumenta fanst, dels for å kjempe så hardt mot å etterkome det som har vore fast etablert rett og praksis sidan offentleglova kom i 1971.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement