Politikk

Kappløpet mot botnen

Regjeringa vil opne eit enormt havområde for gruvedrift. Ein varsla katastrofe, meiner forskingssjef Peter Haugan ved Havforskingsinstituttet.

Økosystema i djupet av Norskehavet er dårleg kartlagde og rommar truleg mange artar som ikkje er oppdaga. Biletet viser noko av dyrelivet på botnen i nærleiken av Jan Mayen.
Økosystema i djupet av Norskehavet er dårleg kartlagde og rommar truleg mange artar som ikkje er oppdaga. Biletet viser noko av dyrelivet på botnen i nærleiken av Jan Mayen.
Publisert Sist oppdatert

Det låg i korta kva konklusjonen skulle bli, og tysdag føremiddag kom stadfestinga. Regjeringa vil opne for leiting og utvinning av mineral på havbotnen i Norskehavet og Grønlandshavet. Området det gjeld, er 281.000 kvadratkilometer stort, større enn landarealet til Storbritannia. Det buktar seg langs den midtatlantiske ryggen, frå havet mellom Island og Noreg, forbi Jan Mayen og nordover på vestsida av Svalbard.

I dette kolossale området vil regjeringa late gruveselskap hente mineral frå havbotnen – under føresetnad av at det kan «skje på berekraftig og forsvarleg vis», som det heiter i stortingsmeldinga som kom tysdag. Mange tviler på at den føresetnaden er mogleg å oppfylle. Ein av dei er forskingssjef Peter M. Haugan ved Havforskingsinstituttet.

– Opningsvedtaket er ein varsla katastrofe, seier Haugan til Dag og Tid.

Skepsis

Vi kjem attende til Haugan etter kvart, men først litt om den internasjonale konteksten. Med dette opningsvedtaket plasserer Noreg seg heilt i front for utnytting av havbotnmineral. Ei rekkje statar er erklært skeptiske til slik gruvedrift, på grunn av farane for å skade økosystema på havbotnen, og EU-kommisjonen har tilrådd eit moratorium mot mineralutvinning i djupet.

Gruvedrift er ikkje berre ein trussel for dei artane som lever nett der ein grev eller borar etter mineral. Skyer av partiklar kan spreie seg langt frå utvinningsstaden og skade dyrelivet i vid omkrins. I tillegg er livet i djuphavet ekstra sårbart, fordi dei fleste artar veks sakte i det kalde vatnet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement