Politikk
Nybø og Astrup får kritikk
Kontrollkomiteen på Stortinget rettar kritikk mot dei to tidlegare statsrådane Iselin Nybø (V) og Nikolai Astrup (H) i leiarlønssaka som Dag og Tid har avdekt.
Tidlegare næringsminister Iselin Nybø (V) og tidlegare kommunal- og moderniseringsminister Nikola Astrup (H).
Foto: Beate Oma Dahle / NTB
Meir enn åtte månadar etter at Dag og Tid i oktober 2022 avslørte at statsråd Iselin Nybø (V) braut leiarlønssystemet då ho i 2021 tilsette Tone Lunde Bakker som administrerande direktør i Eksportfinansiering Noreg, konkluderte kontrollkomiteen på Stortinget tysdag 6. juni med å rette kritikk mot Nybø og Astrup. Bakker fekk 2,5 millionar i løn, 25 prosent meir enn det som var fastsett som tak i det statlege leiarlønssystemet.
Klart fleirtal
Alle partia i komiteen, så nær som representantane frå Høgre og Venstre, står bak kritikken. Desse partia gjekk også imot at kontrollkomiteen skulle ta opp denne saka.
Fleirtalet i komiteen «stiller seg kritisk til at den dåverande regjeringa nytta ein framgangsmåte som skapar lite openheit og notoritet rundt brot med lønnstaket. Den manglande openheita kan vere med på å svekke tilliten til at leiarlønningar vert fastsette med mål om moderasjon og at staten ikkje skal vere lønnsleiande».
Komiteen viser til innstilling frå kommunal- og forvaltningskomiteen 2017–2018 som grunnlag for å rette kritikk mot dei to statsrådane:
«Det er imidlertid viktig at prinsippene for lederlønn i staten er basert på moderasjon, og at staten ikke skal være lønnsledende. Det påhviler regjeringen et ansvar for å følge opp dette og å holde Stortinget orientert om fastsatte prinsipper for lønn og godtgjørelser til ledere i staten følges opp etter forutsetningene.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.