Politikk

Nybø vedgår ingen feil

Tidlegare statsråd Iselin Nybø (V) meiner ho var i sin fulle rett til å bryte taket i leiarløns­systemet i staten då ho tilsette direktør i Eksportfinansiering Noreg.

Tidlegare næringsminister Iselin Nybø (V) før oppfølginga av statens leiarlønssystem med kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget måndag denne veka.
Tidlegare næringsminister Iselin Nybø (V) før oppfølginga av statens leiarlønssystem med kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget måndag denne veka.
Publisert

Nybø møtte måndag til «grilling» i kontrollkomiteen på Stortinget. Der opplyste ho at ho hadde «politisk forankring» ved å ha innhenta samtykke frå kommunalministeren, Nikolai Astrup (H). Astrup sjølv stadfesta dette då han forklarte seg for komiteen. Høyringa var eit resultat av Dag og Tids avsløringar i oktober i fjor.

Kronargumentet deira var at Regjeringa stod fritt til å gi dispensasjon frå leiarlønssystemet sidan det var Regjeringa som hadde gjeve regelverket. Ingen av dei to eksstatsrådane ville svare på om andre regjeringsmedlemer eller heile Regjeringa var involvert då Nybø tilsette direktøren som fekk ein løn på «minst» 2,5 millionar kroner, 25 prosent over lønstaket på to millionar.

Nybø argumenterte med at det var «tvingande nødvendig» å tilby denne løna for å få rekruttert den ho ville ha i stillinga. Nybø tok ingen sjølvkritikk, heller ikkje når det galdt manglande informasjon om brotet med retningslinene til Stortinget.

Astrup vedgjekk derimot at sett i ettertid burde nok Stortinget ha blitt informert, ikkje av han, men av Nybø, som var konstitusjonelt ansvarleg for avgjerda.

Tonen var ein heilt annan då to av dagens regjeringsmedlemer, kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) og næringsminister Jan Christian Vestre (Ap), forklarte seg for komiteen.

Gjelsvik var krystallklar på at han aldri ville ha sagt ja til å gå ut over taket for leiarlønssystemet utan at det hadde vore behandla og godkjent av ei samla regjering. Og han ville også då ha endra retningslinene for leiarlønssystemet, slik at det vart tydeleg for alle kva som var gjeldande reglar. Han slo også fast at det ikkje er aktuelt å gje lønstillegg til dei fire leiarane som nå stangar i taket med to millionar i løn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement