Politikk

Vil ta eit oppgjer i Stortinget

Fleire av opposisjonspartia på Stortinget varslar at dei vil ta eit oppgjer med utnemningspraksisen til statsminister Erna Solberg.

Stortingsrepresentant Dag Terje Andersen og statsminister Erna Solberg i ein munnleg spørjetime i Stortinget.
Stortingsrepresentant Dag Terje Andersen og statsminister Erna Solberg i ein munnleg spørjetime i Stortinget.
Publisert

Det er utnemningane av eigne regjeringskollegaer som vekker reaksjonar.

Oppslaget i førre nummer av Dag og Tid om Solberg-regjeringas utnemningspraksis som er på kollisjonskurs med det Stortinget tidlegare har uttala, får nå etterspel i Stortinget. Det er også sterke reaksjonar på hemmeleghaldet av søknaden til forsvarsminister Frank Bakke-Jensen, som vart utnemnd til fiskeridirektør i september. Hemmeleghaldet vart kritisert av Sivilombodsmannen etter klage frå Dag og Tid.

­– Manglande respekt

– Eg har reagert på desse utnemningane kvar gong. Det gjeld både dei to fylkesmannsutnemningane og stillinga som fiskeridirektør. Den siste utnemninga, av Bakke-Jensen til fiskeridirektør, tek denne praksisen til eit nytt nivå. Her er det snakk om ei sentral stilling i ei fagleg forvaltning, seier Dag Terje Andersen (Ap).

Han er leiar i kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget.

– Innhald og implikasjonar av denne praksisen vart grundig presentert i Dag og Tid. Eg finn det skremmande at ikkje regjeringa ser det problematiske i at ein utnemner sine eigne vener og kollegaer. Det vitnar også om manglande respekt for andre søkjarar. Vi vil nå fylgje opp denne saka i Stortinget, seier Andersen, som også er tidlegare stortingspresident.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement