Politikk

Portvaktar og bråkmakar

Bjørn Olav Knutsen ved FFI ser ikkje mykje å gjere med at Tyrkia hindrar svensk Nato-medlemskap, men meiner likevel saka kan løyse seg i løpet eit halvår.

– Erdogan prøver å styrkje posisjonen sin. Dess nærare vi kjem valet, dess vanskelegare vert det å få støtte frå Tyrkia, meiner Bjørn Olav Knutsen.
– Erdogan prøver å styrkje posisjonen sin. Dess nærare vi kjem valet, dess vanskelegare vert det å få støtte frå Tyrkia, meiner Bjørn Olav Knutsen.– Erdogan prøver å styrkje posisjonen sin. Dess nærare vi kjem valet, dess vanskelegare vert det å få støtte frå Tyrkia, meiner Bjørn Olav Knutsen.

Laurdag tende den dansk-svenske høgreekstreme politikaren Rasmus Paludan på eit eksemplar av Koranen utanfor den tyrkiske ambassaden i Stockholm. Same dag vart eit planlagt møte mellom forsvarsministrane i Tyrkia og Sverige avlyst, og tysdag varsla Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan at Sverige ikkje kan vente tyrkisk støtte til å verte Nato-medlem.

Bjørn Olav Knutsen, sjefforskar ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI), er ikkje overraska over at Erdogan nyttar høvet til å skape trøbbel for Nato-utvidinga.

– Dette har med spelet hans å gjere, andsynes Russland, USA og resten av Europa. Han har ambisjonar på eigne vegner og vil utnytte situasjonen som stormakt. Han er òg den einaste statsleiaren i Nato som snakkar med Putin for tida. I tillegg er det val i Tyrkia i mai, og Erdogan brukar det som skjer no, til å prøve å styrkje posisjonen sin. Dess nærare vi kjem valet, dess vanskelegare vert det å få støtte frå Tyrkia.

– Men landet har tidlegare lova Sverige og Finland støtte og signert ein eigen avtale med dei. Kva avtalegrunnlag har Erdogan for å setje foten ned no?

– I avtalen står det mellom anna at dei skal etablere ein sams dialog- og samarbeidsmekanisme for alle nivå, inkludert juridisk samarbeid og etterretning, for å styrkje samarbeid om kampen mot terror og organisert kriminalitet og om andre sams utfordringar. Det står òg at dei tre landa forpliktar seg til å motarbeide desinformasjon og hindre at lovene deira vert misbrukte til å fremje terrororganisasjonar gjennom aktivitetar som oppmodar til vald mot Tyrkia. Det er ein avtale det ser ut som Tyrkia har diktert, og han går lagt utanfor det som har med sjølve Nato-traktaten å gjere.

– Kva seier det om Nato at ein medlemsstat kan diktere eigne avtalar og stoppe ein prosess alle andre ønskjer?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement