Presidentkampen på Stortinget
Abid Raja (V) fekk 31 blanke røyster då han vart vald til visepresident på Stortinget sist veke. Blanke protestrøyster har vore eit fast innslag ved den årlege konstitueringa av Stortinget.
Abid Raja vart vald til femte visepresident på Stortinget.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
I nesten alle årlege konstitueringar av Stortinget sidan 1961 har det vore blanke røystesetlar mot nokre av kandidatane. Unntak har vore i få tilfelle når det har vore lansert to kandidatar. I 1965 vart Bernt Ingvaldsen frå Høgre vald med 80 mot 69 røyster for Nils Langhelle (Ap) og ei røyst for Trygve Bratteli (Ap).
Men også når det har vore to kandidatar til ein posisjon, har det hendt at det er levert blanke røystesetlar. Som ved valet av visepresident i 1993, då Edvard Grimstad frå (Sp) vann med 94 mot Jan P. Syse (H) med 64. Då var det fem blanke røyster.
Grøndahl og Grimstad
Tospannet Kirsti Kolle Grøndahl (Ap) og Edvard Grimstad (Sp) fekk også blanke røyster som høvesvis president og visepresident i åra 1993–96. Då Kirsti Kolle Grøndahl i 1993 vart stortingspresident, fekk ho 15 blanke røyster. Talet auka til 24 ved konstitueringa i 1996.
Det skjedde etter at Frp-formann Carl I. Hagen hadde kritisert Grøndahl i harde ordelag under konstitueringa for å kome med politiske utspel som ein stortingspresident ikkje burde gjere, ifylgje Hagen. Og Hagen opplyste at han kom til å røyste blankt. Det er den einaste gongen i løpet av alle åra sidan 1961 ein representant har sagt frå talarstolen i Stortinget at han ville røyste blankt.
– Syse hadde, med bakgrunnen sin, fortent å bli visepresident, seier Hagen til Dag og Tid i dag.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.