Pressa svikta i Bakke-Jensen-tilsetjinga

Om norsk presse hadde følgt med, kunne dei alt 14. august ha avslørt at forsvarsminister Frank Bakke-Jensen var hemmeleg søkar til stillinga som fiskeridirektør.

Frank Bakke-Jensen vart utnemnd til ny fiskeridirektør i statsråd 21. september.
Frank Bakke-Jensen vart utnemnd til ny fiskeridirektør i statsråd 21. september.
Publisert

I statsråd 14. august vart næringsminister Iselin Nybø oppnemnd som settestatsråd for fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen i tilsettingsaka for ny fiskeridirektør. I statsrådsvedtaket, som vart publisert fredag 14. august, heiter det mellom anna at «Ingebrigtsen på grunn av sin relasjon til en av søkernes ektefelle av forsiktighetsgrunner fratrer».

Kva denne samanhengen var, og kven søkaren var, vart først kjent då Bakke-Jensen vart utnemnd til ny fiskeridirektør i statsråd 21. september. Søknaden hans vart halden hemmeleg heilt frå han søkte 16. juni.

Kongeleg resolusjon

Dag og Tid bad nyleg Statsministerens kontor (SMK) om innsyn i statsrådsforedraget, den kongelege resolusjonen, som forklarar bakgrunnen for at Nybø vart oppnemnd som settestatsråd. Her står fylgjande å lese:

«Statsråd Frank Bakke-Jensen er blant søkerne til stillingen som fiskeridirektør. Statsråd Ingebrigtsen er en bekjent av statsråd Bakke-Jensens ektefelle, Hilde Sjurelv. Statsråd Ingebrigtsen har vært styremedlem i Sjurelv AS, hvor Hilde Sjurelv både er daglig leder og leder av styret. Statsråd Ingebrigtsen deltok også i feiringen av Sjurelvs 50 årsdag i 2018. Statsråd Ingebrigtsen anser at relasjonen til statsråd Bakke-Jensens ektefelle er av en slik karakter at han bør avstå fra å delta i den forberedende saksbehandlingen av søknadene til stillingen som fiskeridirektør.»

Gav grønt lys

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement