Utanriks

– Presset går i feil retning

Situasjonen i Kosovo kjem ikkje til å løyse seg om ikkje vestlege politikarar legg meir press på Serbia, meiner forsvarsforskar Jon Kværne.

KFOR-soldatar frå USA slår ring om rådhuset i Leposavic i Kosovo, der etniske serbarar er samla til protest.
KFOR-soldatar frå USA slår ring om rådhuset i Leposavic i Kosovo, der etniske serbarar er samla til protest.

Nato har vedteke å sende 700 fleire soldatar til Kosovo etter at KFOR-soldatar førre veke vart bombarderte med bensinbomber, stein og flasker i dei serbiskdominerte kommunane nord i republikken. Bak åtaka stod serbarar som protesterte mot at styresmaktene i Kosovo sette inn albanske borgarmeistrar etter lokalvalet, som serbarane sjølv boikotta, i april.

Gjesteforskar Jon Kværne ved Institutt for forsvarsstudium har vore observatør i Kosovo for EU og assistent for forsvarsattacheen ved den norske ambassaden i Beograd. Han seier at dei serbiske protestane mot maktovertakinga ikkje må sjåast som nokon politisk demonstrasjon.

– Det er snakk om demonstrantar i gåseauge, som snarare er ein type uformelle fotsoldatar som serbiske politiske leiarar brukar til valdelege aksjonar. Dei byrja å kaste granatar med metallkuler og skadde 30 KFOR-soldatar. Tre av dei vart også skadde av skytevåpen, så det er snakk om ei ganske tydeleg handling og medvitne åtak frå serbarane.

– Men eit lokalval som éin part boikottar, og med kosovoalbanarar som tek over makta i serbiskdominerte kommunar, er det kanskje ikkje så underleg at det vert protestar?

– Det er Beograd som har instruert serbarane i Kosovo om å boikotte valet. Skulle styresmaktene i Kosovo då late vere å halde val, ville det vere det same som å la Kosovos politikk bestemmast frå Serbia. Styresmaktene i Kosovo meiner valet er gjort på rett måte, og EU og USA har også stadfesta det, men alle er samstundes samde om at dei nye ordførarane i desse kommunane ikkje representerer befolkninga i kommunane.

– Bakgrunnen for lokalvalet var at parlamentarikarane i det serbiske partiet som er dominerande nord i Kosovo, trekte seg frå plassane sine i protest mot at serbarane skulle byte til mellombels Kosovo-bilskilt og eit eige reisedokument når dei var i Kosovo. Dei ønskjer òg meir sjølvstyre. Er ikkje det forståeleg?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement