Kommentar
Prigozjin ved vegs ende
Onsdag denne veka – to månader etter opprøret i juni – enda livet til krigsherren Jevgenij Prigozjin.
Jevgenij Prigozjin var nyleg i Afrika.
Foto: Wagnergruppa / Reuters / NTB
Ein spektakulær kriminell karriere tok slutt for to dagar sidan då flyet som Jevgenij Prigozjin sat i, styrta ved landsbyen Kuzjenkino i Tver-fylket, om lag 35 mil frå Moskva.
Nedskytinga skjedde nøyaktig to månader etter at Wagner-sjefen Prigozjin sette i verk eit opprør mot den militære leiinga i Moskva. Etter eitt døgn rann opprøret ut i sanden. Mange Russlands-ekspertar meinte då at det berre var eit spørsmål om tid før han blei drepen.
Det mest overraskande er kanskje at det skulle ta to heile månader før han blei likvidert. Rett nok er det ingen som veit – og mest sannsynleg får me aldri vita – årsaka til flystyrten. I timane etter styrten var det to teoriar som peikte seg ut: den eine at flyet blei skote ned av eit luftforsvarssystem, den andre at det var ei bombe inni flyet.
Rakettbatteri
Ei anonym kjelde sa til avisa Moscow Times at ein burde sjå på kor luftforsvarssystema i Valdaj-området mellom Moskva og St. Petersburg er plasserte. Vladimir Putin har ein påkosta datsja i Valdaj, og datsjaen blir vakta av fire S-300 rakettbatteri. Dette er rakettar som er i stand til å skyta ned fly i marsjhøgd. Augnevitne sa at ein før styrten kunne høyra to smell. Til vanleg vil ein senda to rakettar mot eit slikt fly, for å vera sikker på å treffa.
Etter opprøret i juni gjorde Putin ein avtale med Prigozjin om at han skulle halda seg i utlandet, anten i Belarus eller i Afrika. Få dagar før flystyrten blei det offentleggjort ein video med Prigozjin der han står ute i ein ørken. I videoen lovar han å gjera Russland stort i Afrika. Så ser det ut til at han denne veka vende attende til Russland, stikk i strid med avtalen med Putin. Då bestemte «nokon» i den russiske leiinga at han måtte ryddast av vegen, seier anonyme kjelder til den russiskspråklege nettavisa Meduza.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.