Prisen for det ville vêret

I forsikringsbransjen er det langt mellom klimaskeptikarane.

Ekstreme nedbørsmengder førte til ein katastrofe i Valencia i Spania 29. oktober. Minst 217 skal ha mista livet, og dei materielle øydeleggingane er kolossale.
Ekstreme nedbørsmengder førte til ein katastrofe i Valencia i Spania 29. oktober. Minst 217 skal ha mista livet, og dei materielle øydeleggingane er kolossale.
Publisert

Flaum i Valencia, orkanar i Florida, styrtregn på Vestlandet. Dei dårlege vêrnyhenda kjem tett for tida. Kostnadene med ekstremvêr rundt i verda stig år for år, og somme stader er risikoen så stor at folk ikkje lenger får forsikra huset sitt. Når det skjer, er det ikkje berre verkeleg ille for dei som bur i det uforsikra huset. Verdiane som ligg i hus og heim, utgjer noko av grunnmuren i økonomien i eit samfunn. Og om folk ikkje lenger kan få forsikring, smuldrar desse verdiane raskt opp.

Eld og vatn

Vi startar i California i USA, ein delstat som gjerne blir assosiert med stabilt finvêr. Ein kunne innbilt seg at jordskjelvfaren gjer det vanskeleg å få husforsikring i California, men det er det stadig villare vêret som er problemet. Dei siste åra har California både vore råka av kolossale skogbrannar og styrtregn. Verst var den store brannen i Nord-California i 2018, som tok 85 menneskeliv, øydela 14.000 bustadhus og gjorde skade for over 180 milliardar kroner. Vinteren 2023 var det ekstreme nedbørsmengder som øydela verdiar for kring 50 milliardar kroner i California og nabostatane.

Til slutt gav dei store forsikringsselskapa opp. I mai i fjor kunngjorde State Farm, den største forsikringsaktøren i California, at dei ikkje lenger ville tilby nye husforsikringar der. Også fleire andre store selskap har slutta å tilby husforsikring i delstaten dei siste åra. Ekstremvêret er ikkje einaste årsaka. Aukande kostnader for reparasjonar og nybygg er òg ein del av biletet. Men det er først og fremst klimarisikoen som har drive forsikringsselskapa vekk.

Store tap

Forsikringsbransjen strevar mange stader i USA, skreiv The New York Times i mai i år. I 2023 gjekk forsikringsselskapa i minus på husforsikring i 18 delstatar, mot åtte i 2013. I mykje av landet blir det stadig vanskelegare å få forsikra heimen sin. Det gjeld ikkje minst i statane i søraust, som er utsette for orkanane frå Mexicogolfen. Det er enno uvisst kor store skadar orkanane «Helene» og «Milton» gjorde i haust, men ein førebels studie frå analyseselskapet Moody’s tyder på at dei øydela for meir enn 50 milliardar dollar kvar – over 900 milliardar kroner til saman. Det er ikkje slike tal forsikringsbransjen likar. Over eit dusin forsikringsselskap har gjeve opp Florida, fortalde BBC i vår. Det var før årets orkansesong tok til.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement