Privatliv til sals

Kor lenge kan Facebook og Instagram tene milliardar av dollar på ein praksis Datatilsynet har stempla som ulovleg?

Store delar av det digitale livet vårt vert spora, slik at dei største teknologiselskapa kan tene pengar på reklame. Skal det vere lov, må brukarane gje samtykke til det.
Store delar av det digitale livet vårt vert spora, slik at dei største teknologiselskapa kan tene pengar på reklame. Skal det vere lov, må brukarane gje samtykke til det.

Nyleg avslørte NRK at kundar av nettapoteket Farmasiet vart overvakte når dei handla reseptfrie, men intime produkt som klamydiatestar og naudprevensjon. Detaljert informasjon om tid, stad, pris og produktnamn vart send til Facebook.

Facebook har retningsliner som seier at marknadsførarar ikkje skal dele helsedata, men har dei mekanismar til å fange opp og slette informasjon når dei likevel får det? Eller vert informasjonen nytta slik han generelt er meint å skulle nyttast – til å gje ein meir utfyllande profil av deg som forbrukar, slik at reklamen du får sjå i neste omgang, er så godt tilpassa deg som mogleg?

Lønsam sporing

Det som er sikkert, er at ein stadig større del av livet vårt går føre seg digitalt. Dermed kan også ein stadig større del av livet vårt sporast digitalt, om vi vel å trykkje «godta» når ein nettstad i generelle termar informerer om at dei deler informasjon med partnarar.

Lurer ein på kor lønsam denne sporinga er, kan ein sjå på den ferskaste rekneskapen frå Meta, morselskapet til sosiale medium som Facebook og Instagram. Selskapet som nesten utelukkande tener pengar på marknadsføring, omsette i tredje kvartal i år for 34,15 milliardar dollar.

Åtferdsbasert marknadsføring er ein suksessformel Meta ikkje vil gje slepp på: Selskapet sit på informasjon som fører annonsane til potensielle kundar. Meta vert dermed også den marknadsføringskanalen mange produsentar føretrekkjer framfor andre kanalar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement