Sideblikk

Profilpotten er strammare enn før

Laksebaronar og norske kommunar sutrar. Regjeringa har vunne den retoriske kampen.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum la fram statsbudsjett for 2023 på vegner av regjeringa torsdag i førre veke.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum la fram statsbudsjett for 2023 på vegner av regjeringa torsdag i førre veke.
Publisert

Dei aller fleste av statens utgifter og inntekter ligg fast, men det plar vera nokre milliardar å henta frå «profilpotten». Når ei regjering legg fram statsbudsjettet, har ho som regel ei skryteliste med godsaker som det på førehand er leke frå i passande porsjonar.

I år hadde Støre og Vedum eit anna opplegg. Dei sette dagsordenen og messa om stramt budsjett i krig og usikre tider, med prioritering av tryggleik og omfordelande rettvise. Dei varsla at vi må døya hårde tider, og dei mana til «sparsommelighed i statshusholdningen». Dei snakka forventingane så kraftig ned at «gul bok» måtte bli ein opptur, sjølv om ho ikkje er skriven av Zeshan Shakar.

ETTER AT «STRAMT» var etablert som eit allment akseptert heidersord, blei det slakka litt opp. Den nyfrelste georgisten og arbeidardemokraten Vedum beit seg fast i grunnrenta for å redda landet frå hollandsk sjuke. Statsmannen Støre drog på europeisk toppmøte.

Finansministeren klarte balansen på Besseggen. Budsjettet skuvar på valløfte i tid, men er ikkje rein sabotasje mot plattforma frå Hurdalssjøen. Vedum nytta ikkje høvet til å nemna at straumprisen var 23 øre den regnfulle dagen statsbudsjettet blei lagt fram, for det kunne ha skapt misnøye med at det blei ein dag utan straumstøtte.

Det var dyktig manøvrert og kamuflert, meiner Byråsjefen. Vertinna finn også noko å læra: Ho skal slutta å skryta, men heller snakka ned kvaliteten på mat og rom på pensjonatet. Då vil gjester som likevel kjem, bli positivt overraska og få større tillit til henne.

STØRE VARSLA BRÅK, og det har han fått, men mindre enn venta. Å få kjeft frå NHO, Høgre, Venstre, Framstegspartiet og andre som talar dei rikes sak, er ikkje ein dårleg ting, men eit godt forsøk på å hanka inn flyktande veljarar. Spaltistens spådom er likevel at SV kjem ut som symbolsk budsjettvinnar med ære for nokre små, men synlege endringar på budsjettmarginalen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement