Kommentar

«Prosjektet» til Arbeidarpartiet

Der Høgre meiner at staten bør understøtte privat verksemd, der meiner Ap at staten bør fungere som private verksemder gjer.

Publisert

Tre store krefter omformar no staten vår. Det er den internasjonale marknadsøkonomien, som regjeringa no har lagt oss vidt open for, dinest nedgraderinga og deklasseringa av middelklassens kompetanse, lønsnivå og påverknadskraft, og endeleg samankoplinga av privat og offentleg verksemd på ein slik måte at staten kjem til å regulere all verksemd i landet, direkte eller indirekte, og i nært samarbeid med private aktørar.

Ein slik modell er dramatisk annleis enn kva vi er vane med, altså at der er samarbeid mellom stat, arbeidsgjevar og arbeidsseljar. I om lag 100 år har vi levd nokolunde lukkeleg med denne balanseringa mellom kreftene. Men arbeidstakarane vert makteslause dersom det vert fullt samvirke mellom staten, næringslivet, arbeidstakarorganisasjonane, og at alt vert sett under styring av marknadskreftene.

«Den korporative stat»

Kva er dette som Ap-representantar, ikkje minst partisekretæren, no sidan regjeringsskiftet har tala om som «vårt prosjekt»? Etter mi tru er det kort og godt ein overgang til dette som internasjonale forskarar i statsvitskap, arbeidsliv og velferd kallar «den korporative stat».

Korporativ høyrest tilforlateleg ut, vi har jo Coop og andre samarbeidsformer. Men korporativisme var ein modell som i særleg grad vart utvikla i Sør-Europa, finst der framleis og nådde sitt negative botnpunkt med Mussolini. Korporativismen treng ikkje gå dit, noko mange land har synt. Og «pluralistisk korporativisme» er gjerne framheva som noko vi driv på med i Norden.

Både Ap og Sp har sine sterke samarbeidspartnarar: LO især for Ap, men NHO er aldri borte frå rådgjevinga, Sp har Bondelaget, men også heile landbrukssamvirket, Tine, Nortura med fleire. Dette vert offisielt kalla for «korporative kanalar». Dette har vi rekna med var med på å stabilisere norsk samfunnsliv; statsmakta visste kva som gjekk føre seg i industriell produksjon og matvareproduksjon.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement