Lita skrift

Prøving og feiling

Publisert

Ein av desse varme dagane i mai kunne eg gå tidleg frå arbeid og la humla suse. På heimvegen slo det meg at det kunne ha vore fint med luftigare klede, så eg forvilla meg inn i ein klesbutikk i tre etasjar.

Vanlegvis triv eg berre med meg eit klesplagg frå eit tilbodsstativ, men det har ført til haugar med feilkjøp. Difor var instruksen til meg sjølv å prøve eventuelle antrekk, og det sjølv om prøverom er pyton.

Etter ein runde i butikken hadde eg seks kleshengjarar over armen, fire med same plagg i ulik storleik. Eg har for lengst innsett at eg ikkje har magemål. Kjolar i storleiken som før var eit perfekt valke­skjul, er ikkje ledige lenger.

Medan eg stod i køen til prøverommet, kjende eg varmen frå seks ekstra plagg. For ein utruleg dårleg idé det var å handle klede i sommarvarmen!

Då eg kom inn i prøverommet, måtte eg vere rask. Først prøvde eg skjortene og slapp difor å ta av meg buksa. Dei passa berre sånn passe. Då eg skulle drage den siste over hovudet, hekta ei av dei forbaska innsydde silkestroppene seg fast i hestehalen.

Det lange skjørtet som eg optimistisk hadde trive med meg, kunne ikkje dragast over buksa, ho måtte av. Skjørtet passa ikkje, og då eg skulle skrelle det av meg, hekta hælen seg i falden så eg måtte hinke meg ut av knipa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement