PST bløffa kontrollutvalet
Stortingets kontrollutval for dei hemmelege tenestene (EOS-utvalet) er fleire gonger ført bak lyset av Politiets tryggingsteneste (PST).
Kritikken råkar den nyleg avgåtte PST-sjefen Benedicte Bjørnland, som underteikna breva med dei ukorrekte opplysningane til EOS- utvalet.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Dette går fram av den særskilde meldinga som EOS-utvalet leverte til Stortinget i førre veke. Kritikken mot PST i meldinga er den hardaste utvalet har kome med nokon gong sidan det vart oppretta i 1996. Rapporten påviser at PST i fleire tilfelle har gjeve urette opplysningar når EOS-utvalet har stilt spørsmål om praksisen til PST ved registrering av opplysningar om flypassasjerar. Dette har EOS-utvalet avdekt gjennom inspeksjonar etter at utvalet først har fått skriftlege svar frå PST.
Kritikken råkar den nyleg avgåtte PST-sjefen Benedicte Bjørnland direkte, ettersom det er ho som har signert breva med dei urette opplysningane til EOS-utvalet. Å gje urette opplysningar til EOS-utvalet er det same som å lyge for Stortinget. Det er ikkje unaturleg å reise spørsmål om kva konsekvensar dette kan få for Bjørnland, som no er politidirektør og øvste sjef for norsk politi. Som sjef i PST var ho øvste ansvarlege både for den ulovlege praksisen PST har drive i fleire år, faktisk i heile hennar periode frå 2012 til 2019, og dei bortforklaringar og usanne opplysningane PST har gjeve til EOS-utvalet.
– Skarp kritikk
Her er eit knippe sitat frå rapporten:
«EOS-utvalget retter skarp kritikk mot PST for tjenestens innhenting av en stor mengde opplysninger om norske statsborgeres flyreiser.» «Utvalget finner det lite tillitvekkende at PST…» «Kritikken skjerpes av at praksisen har foregått over flere år og virker å ha vært godt kjent innad i PST.»
EOS-utvalet slo alt i 2014 ned på praksisen PST fylgde med innhenting av passasjeropplysningar. PST hevda å ha heimel i utlendingslova til å hente inn personopplysningar om ein flypassasjer som var norsk statsborgar. EOS-utvalet uttala at utlendingslova ikkje gav PST heimel til dette, kritiserte PST og venta at tenesta sytte for å avklare heimelsgrunnlaget for innsamling av opplysningar om flyreiser norske borgarar gjorde til utlandet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.