Pulveriserte prov

Gong på gong svikta rettssystemet Viggo Kristiansen. – Utan dei frivillige kunne ikkje Kristiansen vorte frifunnen, seier forfattaren Bjørn Olav Jahr.

Riksadvokat Jørn Sigurd Maurud offentleggjorde førre fredag avgjerda frå påtalemakta i saka mot Viggo Kristiansen.
Riksadvokat Jørn Sigurd Maurud offentleggjorde førre fredag avgjerda frå påtalemakta i saka mot Viggo Kristiansen.

Riksadvokat Jørn Maurud bad førre fredag om at Viggo Kristiansen vert frifunnen for drapa og overgrepa han, i lag med Jan Helge Andersen, vart domfelt for i 2001. Etter at saka er etterforska på nytt, er det klart at det ikkje finst prov som knyter Kristiansen til brotsverket. Tvert om byggjer prova opp under forklaringa hans, som er at han ikkje var i Baneheia då ugjerninga skjedde.

Forfattar og journalist Bjørn Olav Jahr har gjeve ut to bøker om Baneheia-saka, Drapene i Baneheia. To historier. En sannhet i 2017 og Prosessen mot Viggo Kristiansen i 2021. Han har vore overtydd om at Kristiansen er uskuldig.

– Korleis har det vore å jobbe motstraums med denne saka i fleire år?

– Motstanden eg møtte då bøkene kom ut, var kraftigare enn eg hadde venta. At det skulle vere så kontroversielt å sjå på prova på nytt og konkludere ut frå dei, overraska meg. Å tenkje sjølv var openbert ikkje god latin. Eg var overraska over kor sterk tiltru folk hadde til den dømmande makta. Det var ei heilag ku som ikkje skulle rørast. Sjølv syntest eg saka var enkel, fordi prova talte eit tydeleg språk. Det fanst ikkje prov, med unntak for Jan Helge Andersens forklaring, som var ufullstendig og full av hòl. Eg skreiv at her er det to historier og berre éi av dei er sann. Kva for ei av dei er mest plausibel? Min styrke er logikk og analyse, men fordi folk var så sterkt imot det eg skreiv, vart den faglege integriteten min trekt i tvil. Etter kvart vart ekkokammeret mitt større, med flinke folk som Hege Ulstein, Svein Tore Bergestuen og Frode Helmich Pedersen. Eg var bombastisk og sa at Kristiansen var uskuldig, med to strekar under svaret. Kanskje kunne eg vore meir tilbakehalden, men Kristiansen var i forvaring og såg ut til aldri å komme ut. Eg meiner det var bra at eg gjorde det eg gjorde.

– Kva synest du var det viktigaste i framstillinga til riksadvokaten?

– At han gjekk gjennom prova. Han var tydeleg på at mobilbeviset viste at Kristiansen var i bustaden sin. Eg oppfattar at han trur på Kristiansens forklaring, og det er første gong Kristiansen er trudd av påtalemakta. Det var sterkt. Riksadvokaten sa også at han på det sterkaste ville orsake. Finst det ein betre måte å be om orsaking på? Nei, orsakinga var krystallklar. Mange har snakka om at det har vore mørke dagar for rettsstaten, men denne dagen var ein lys dag for rettsstaten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement