Pungar ut til hovudjegerar
Den norske staten har dei siste åra i aukande grad hyra inn hovudjegerar til rekruttering av nye leiarar. Ansvarsfråskriving, seier kritikarar.
Då tidlegare justisminister Hanne Harlem vart utnemnd til sivilombod, var ho den einaste reelle søkaren. Likevel nytta Stortinget eit hovudjegerfirma.
Foto: Stortinget
Stadig fleire offentlege etatar tek i bruk godt betalte konsulentar ved rekruttering av nye medarbeidarar, både toppleiarar og mellomleiarar. Det siste året har Justisdepartementet hyra inn hovudjegerar i arbeidet med å tilsette ny politidirektør, ny overvakingssjef og ny riksadvokat. Politidirektoratet nytta hovudjegerar for å finne ny politimeister i Oslo. Høgsterett nytta konsulentfirma i arbeidet med å tilsette ny direktør og Stortinget engasjerte hovudjegerar for å finne ny sivilombodsmann. I 2016 brukte jamvel Statsministerens kontor for første gong hovudjegerfirma for å finne ny regjeringsråd, den øvste embetsstillinga ved Statsministerens kontor og i regjeringsapparatet, og enda opp med å tilsette ein av ekspedisjonssjefane ved kontoret.
Ein skulle kanskje tru at institusjonane sjølve var best skikka til å finne og velje kandidatar med «rett» kompetanse, men alle gjev uttrykk for at dei treng hjelp. Politidirektoratet seier også at ein nyttar konsulentar for å sikre habilitet.
Stortinget versting
Arbeidet med å kartlegge denne praksisen har teke lang tid på grunn av svært lang ventetid på svar frå fleire av institusjonane. Verst har Stortinget vore både når det gjeld tidsbruk og når det gjeld vilje til å gje innsyn. Stortinget brukte over tre veker på å handsame ein klage på innsynsnekt, men nekta framleis, som einaste institusjon, å opplyse om prislappen for konsulentbruken. Først etter ein ny klage der vi påviste at innsynsnekten er i strid med offentleglova, kom tala på bordet. Men dokumenta inneheldt omfattande sladdingar. Klart best var Høgsterett, som raskt gav fullt innsyn utan restriksjonar. Statsministerens kontor og Justisdepartementet hadde heller ingen problem med å gje slike opplysningar.
Magert resultat
Dag og Tid har fått tilgang til oppdragsbrev som hovudjegerane har fått. I fleire av dokumenta er det slege fast at konsulentane skal spore opp kandidatar. Resultatet er magert. I nesten alle sakene er det berre éin eller to reelle søkarar. Oppdragsgjevarane vil også at konsulentane skal gjennomføre testar av kandidatane. I oppdragsbrevet eller konkurransegrunnlaget frå Justisdepartementet for ny riksadvokat heiter det mellom anna om oppdraget for hovudjegeren: «Foreta dybdevurdering av aktuelle kandidater, herunder gjennomføre aktuelle tester (f.eks. evne-, rolle- og personlighetstester), dybdeintervju med kandidater og referanseinnhenting.» Også Statsministerens kontor ville i 2016 få utført testar av kandidatar med påfylgjande evaluering.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.