Krig
Putin og fullmånen
Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.
«Eg visste at noko frykteleg kom til å hende», sa svigerinna mi da eg ringde henne for å høyre korleis dei hadde det. «Korleis visste du det», spurde eg. For meg kom missilåtaket laurdag natt – det første av ein slik storleik sidan sommaren – som ei overrasking.
«Det var fullmåne den natta», forklarte Larisa. «Vampyrar går alltid til åtak når det er fullmåne.»
Ho tøysa ikkje. Ho trur verkeleg at Vladimir Putin er ein vampyr – Putin og heile Russland.
Søndag morgon, etter åtaket med 120 rakettar og 90 dronar sikta inn mot heile landet, var det full straumstans i Odesa og mange andre byar, og det brann i kraftverk og bustadblokker. Det ukrainske telefonnettet kunne knapt handsame belastinga da alle freista kontakte sine kjære.
Fredagen før åtaket lova Lada, ei venninne, å kome til Sens, ein bokhandel i Krestsjatyk, i samband med presentasjonen av ei ny bok av den italienske kokken som har gjort det italienske kjøkenet populært, Marco Cervetti. Lada kom ikkje, men ho sende ei melding dagen etter. Ho skreiv at ho hadde fått eit lite hjerneslag.
«Kan eg hjelpe deg på noko vis?» spurde Elizabeth, kona mi.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.