Rapport frå eit øyrike i motvind

– Theresa Mays bærebjelke, at ho stod for fast leiarskap, er blitt ein tom frase, seier Jeremy C. Mitchell.

Performers pose with puppet caricatures of Britain’s Prime Minister Theresa May, leader of the Liberal Democrat Party Tim Farron and leader of the Labour Party Jeremy Corbyn, in front of the Palace of Westminster in London, Britain June 8, 2017. REUTERS/Marko Djurica
Performers pose with puppet caricatures of Britain’s Prime Minister Theresa May, leader of the Liberal Democrat Party Tim Farron and leader of the Labour Party Jeremy Corbyn, in front of the Palace of Westminster in London, Britain June 8, 2017. REUTERS/Marko DjuricaPerformers pose with puppet caricatures of Britain’s Prime Minister Theresa May, leader of the Liberal Democrat Party Tim Farron and leader of the Labour Party Jeremy Corbyn, in front of the Palace of Westminster in London, Britain June 8, 2017. REUTERS/Marko Djurica
Publisert

Valet i Storbritannia vart eit val med absurde og paradoksale resultat. Dei konservative auka røystetalet med 6 prosent, 2,3 millionar fleire røyster, og fekk ein oppslutnad på over 42 prosent. Dette er eit resultat som overgår det Blair og Thatcher fekk til. Likevel fekk statsminister Theresa May færre mandat i Underhuset. Paradokset er at trass i ein elendig valkamp, fekk toryane større røystetilslutnad. Problemet var at dei var uheldige i fordelinga av mandat.

Labour tapte for tredje gong, men oppfører seg som om dei vann. Det kjem av at forventningane var så låge. Dei ligg framleis 50 mandat etter toryane. I Nord-Irland er alle moderate parti på den protestantiske og den katolske sida feia av bana til fordel for Sinn Fein og unionistane i Democratic Unionist Party (DUP) – eit konservativt parti som er motstandar mot abort og homofile ekteskap.

Tilbake står Theresa May med dramatisk svekt autoritet framfor brexitforhandlingane, nett det ho skreiv ut valet for å hindra. Finansministeren ho kasta ut, George Osborne, seier ho lever på lånt tid i ei dødscelle. I britisk politikk talar ein ikkje med sordin.

TOPARTISYSTEMET KJEM

Me spør difor ein som har følgt britisk politikk eit heilt liv, statsvitar Jeremy C. Mitchell, om det er mogleg å spora ein hovudtendens.

– Det ser ut til at landet er på veg attende til eit topartisystem. Det samla talet på røyster til Dei konservative og Labour har ikkje vore så stort sidan 1950-talet. Støtta til United Kingdom Independence Party (UKIP), det innvandringskritiske partiet, har falle saman og er no på berre 2 prosent. Veljarane deira meinte vel at føremålet med partiet – brexit – var oppnådd. Mange hadde venta at røystene deira ville bli overførte til toryane, men det ser ikkje ut til å ha skjedd. I dei fleste valkrinsar ser UKIP-røystene ut til å ha vorte delte mellom toryane og Labour nokolunde likt. Nigel Farage, den førre UKIP-leiaren, sa sjølv at ein stor del av arbeidarklasseveljarane hadde vendt attende til Labour, inspirerte av Corbyns tradisjonelle sosialistiske valmanifest.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement