Rapport frå innsida i Washington
– Fleire av kampane i Senatet står fyrst og fremst mellom insiderar og outsiderar, ikkje mellom demokratar og republikanarar, seier Hans Høeg.
Nordmannen Hans Høeg har vore stabssjef i Kongressen i USA i fem år og skriv no bok om opplevingane derifrå.
Foto: Amr Alfiky/Reuters
Nordmannen Hans Høeg har vore stabssjef i Kongressen i USA i fem år og skriv no bok om opplevingane derifrå.
Foto: Amr Alfiky/Reuters
USA
eva@dagogtid.no
– USA er faktisk ikkje eit demokrati. Insiderane driv tyranni frå innsida.
Det seier Hans Høeg. Frå 2012 til 2017 var han stabssjef for ein republikanar i Representanthuset i Kongressen i USA og såg amerikansk politikk innanfrå. Det var ei så sjokkerande oppleving at han no skriv bok om det for Cappelen Damm.
I dag er han òg i Bergen for å snakke om det amerikanske politiske systemet under mediekonferansen Nordiske Mediedager.
– Som einaste nordmann som har hatt ei slik stilling, kjenner eg det som ei plikt å fortelje om kva som faktisk føregår på innsida, seier han til Dag og Tid.
– Eit av problema vi har i Europa med å forstå amerikansk politikk, er at vi føreset at politikarane prøver å gjere det beste for folket. I USA er det derimot mange som ser styresmaktene som eit vonde. Dei har ikkje den same tilliten til systemet. Det andre vi ikkje tek inn over oss, er at USA er ein føderal stat, der sentralmakta skal ha svært få og avgrensa oppgåver, og det som påverkar livet til amerikanarar i hovudsak ligg til delstatsregjeringa. Når amerikanarane vel president, utgjer han igjen berre ein tredjedel av den føderale staten, så han har ganske lita makt, og det er òg heile poenget. Trump har fått gjort langt mindre enn alle trur, seier han.
Via lesarinnlegg
Vi kan ta det frå byrjinga: Korleis vert ein nordmann stabssjef i Kongressen?
Høeg, som er oppvaksen i Drammen, har amerikansk mor og bestemte seg etter vidaregåande for å studere i USA. På Massachusetts Institute of Technology (MIT) vart han ven med medstudent Thomas Massie frå Kentucky, som Høeg omtalar som «ein slags Hillbilly da Vinci og redneck iron man».
– Han er ei svært artig og unik type, seier han.
Dei to hadde mykje kontakt også i åra etter utdanninga. Dei vitja kvarandre ofte, begge starta eige teknologiselskap, og Massie sat i styret i Høegs selskap.
Massie er frå ein liten stad med nokre tusen innbyggjarar, har bygd sitt eige hus med tømmer og stein frå eigen eigedom – med solenergi og geotermisk varme som han lagrar på eit gamalt Tesla-batteri – og han styrer straumforsyninga frå Washington via ein app han sjølv har laga. Han er eigentleg ingen politikartype, men kom inn i politikken via eit lesarinnlegg, fortel Høeg:
Lokalstyresmaktene på tettstaden i Kentucky planla å innføre ein ny lokal skatt, og Massie grov litt og fann ut at det var fleire ting ved reknestykket deira som ikkje stemte. Då han seinare kom til rådhuset for å protestere, vart han møtt av nokre titals støttespelarar, og ikkje lenge etter vart han vald inn som ordførar i distriktet. I ettertid nøsta han opp meir lokal korrupsjon og maktmisbruk, og då den sitjande kongressrepresentanten for distriktet gav seg eit års tid seinare, bestemte han seg for å vere med og kjempe om representantplassen. Då sigeren var i boks, ringde han Høeg, som då budde i Los Angeles, og bad han vere med til Washington.
Høeg sa fyrst nei – han kunne ingenting om politikk. Men nett difor kom han til å vere perfekt i rolla som stabssjef, meinte Massie.
– Så ein dag stod vi der på trappa til Kongressen som to asteroidar på ein framand planet. Eg hadde fem nye dressar i kofferten, kjøpte på Black Friday. Vi kikka opp på den store kuppelen, og han sa «Hans, det minner meg om dødsstjerna – det er alltid under oppussing, og dei øydelegg andre land», ein referanse til Star Wars, seier Høeg.
Lobbyen bakom
Massie fekk støtte får Tea Party-rørsla i valkampen, og vart ifølgje Høeg vald inn på den same bølgja av misnøye som seinare fekk Trump vald: opposisjon mot sentralstyresmakta og mot den store pengebruken i Washington.
– Vi skjøna frå starten at vi kom til å opponere mot dei etablerte kreftene, og at det kom til å verte nokre bataljar. Det vi ikkje føresåg, var kor djupt det kaninholet i Washington eigentleg gjekk, kor korrupt systemet er, og kva som eigentleg går føre seg på dei røykfylte bakromma, seier Høeg.
Det fyrste dømet, og sjokket, fekk dei alt ei av dei fyrste vekene, i eit møte med lobbyistar frå ein helseinstitusjon. Ein av lobbyistane fortalde at han hadde trua på dei to fyrane frå MIT, og tilbydde seg å få dei inn i den mektige skattekomiteen, Ways and Means Committee. Underforstått kunne han tilby pengar.
Høeg fortel om eit uoffisielt system der representantane vert plasserte i kongresskomitear – ikkje ut frå ekspertise og fagfelt – men ut frå kor mykje dei betalar inn til partikassa i Kongressen. Komiteane med mest makt, som òg er mest interessante for lobbyistar å prøve å ha kontrollen på, kostar mest.
– Du betalar rett og slett ein kontingent til partileiinga, det er den uskrivne avtalen. Set dei deg i ein mektig komité, må du halde fram med å betale, og gjer du ikkje det lenger, sit du ikkje der lenger. Vi visste jo at lobbyen hadde stor makt, men vi visste ikkje kor kynisk det var, og at ein faktisk kjøper, sel og leiger ut sete i komiteane, seier Høeg.
Han omtalar lobbyen og partileiingane i Kongressen som «to sider av same sak».
Nattlege voteringar
Republikanarane hadde fleirtal og «speakeren», det vil seie ordstyraren, i Representanthuset då Massie og Høeg starta å jobbe der. Det gjorde partileiinga endå mektigare.
Eit av dei store problema, ifølgje Høeg, er at speakeren òg er hovudansvarleg for pengeinnsamlinga til partiet. I tillegg til å ha makt til å bestemme kva for lovforslag som kjem til votering og ikkje, kan han då samstundes vere avhengig av at partiet ikkje kjem på kant med lobbyistane, slik at pengestraumen inn held fram.
– Så lovgjevinga er ikkje rein, for dei må heile tida samle inn pengar både til partiet og til eigen valkamp, seier han.
Han fortel at det òg vert halde voteringar «midt på svarte natta» eller medan størsteparten av representantane sit på fly heimover på ferie, for å få kontroversielle saker gjennom.
– Då er det òg lobbyen som står bak og pressar på for å snike lovar gjennom medan folk ikkje følgjer med eller veit kva som skjer. På den måten er ikkje USA eit demokrati i det heile, seier han.
På botnen
Massie avviste tilbodet frå helselobbyisten om ein plass i Ways and Means og kom raskt på kant med både speaker John Boehner og mykje av lobbyen i Washington. Han fekk plass i transportkomiteen og så i den endå mindre mektige vitskapskomiteen.
– Det andre året i Kongressen var vi nummer tre frå botnen når det gjaldt å samle inn pengar, for vi hadde vorte svartelista. Vi røysta stadig imot den republikanske leiinga, og det var få lobbyistar i Washington som ville jobbe saman med oss, seier Høeg.
Finansieringa fekk dei i hovudsak frå folk i valkrinsen eller valdistriktet og annan lobby utanfor Washington, ifølgje Høeg.
Dei sette seg òg opp mot den mektige Israels-lobbyen då Massie heilt frå starten nekta å skrive under eit såkalla position paper, som alle nye kongressmedlemmer vert bedne om å underteikne, der dei mellom anna erklærer støtte til Israel og Israels sak. Då fekk dei verkeleg sjå kor samanvovne dei politiske kreftene er, fortel Høeg:
Fyrst både bad og lurte Israels-lobbyen seg til møte med Massie. Då han ikkje lét seg rikke, brukte dei hans næraste vener i Kongressen til å prøve å overtale han til å underteikne. Seinare kom ein tidlegare forretningskontakt av Høeg innom kontoret hans under dekke av å vere der på vegner av firmaet sitt, men han òg ville berre snakke om Israel. Og deretter kom det veljarar frå Kentucky som ville overtale Massie til å røyste i tråd med ønska til Israels-lobbyen i ei anna sak.
Varslinga
Som einaste representant røysta Massie òg imot eit forslag om å finansiere fornybar energi i Israel.
– Dette var vi heilt imot. Israel har betre økonomi enn USA, langt mindre statsgjeld og meir pengar på bok jamført med storleiken. Kvifor i all verda skal vi påleggje amerikanske skattebetalarar å finansiere solceller i Israel? Det er jo berre tull, seier Høeg.
– Men fekk de til noko med dykkar måte å gjere ting på, anna enn å protestere?
– Vi fekk til eit par småting, men for det meste var det snakk om å synleggjere kva som gjekk føre seg, og å få andre òg til å mobilisere.
Høeg syner til at det er store lobbyorganisasjonar på fleire kantar, og at strategien var å «varsle dei andre» når det var i ferd med å skje store ting på deira felt. Då vart prosessane ofte synlege i media òg.
– Vi har jo funne vener både på demokratisk og republikansk side. For når det gjeld saker som sterke lobbyinteresser vil ha, står kampane fyrst og fremst mellom insiderar og outsiderar, ikkje mellom demokratar og republikanarar, seier han.
Då Snowden hadde avslørt spionprogrammet til NSA, føreslo Massie og to andre representantar å trekkje finansieringa av den delen av NSA som dreiv med spionasje. Forslaget fekk så mykje merksemd både i media og blant andre representantar at saka til slutt måtte opp til votering, trass i at partileiinga hadde prøvd å få dei til å trekkje saka og i teorien kunne nekte å ta saka opp. Forslaget fall likevel, med knapp margin, etter massivt påtrykk frå militærlobbyen, og etter at Obama på voteringsdagen hadde ringt Nancy Pelosi, leiaren for Demokratane, og overtalt henne til å prøve å få partiet til å røyste i favør av militærlobbyen, ifølgje Høeg.
– Men vanlegvis har militærlobbyen full kontroll over Washington, så dette sa litt om kva som går å få til, og kor engstelege representantane er for å røyste imot veljarane, seier han.
Høeg ser òg teikn til endring.
– Eg trur folk i større grad tek til å forstå at dei må følgje med på kva representantane deira gjer, ikkje berre tru på kva dei vert fortalde, men følgje med på korleis dei røystar til dømes. Det er framgang.
Berre ein tredjedel
Så til Trump, som ifølgje Høeg ikkje har fått gjort så mykje.
– Greier ein å sjå vekk frå Twitter-Trump ein augneblink, er det ikkje så mykje som står att. Han har fått inn to konservative dommarar i høgsterett, men når det gjeld eigentlege lovar og tiltak, har han ikkje fått til særleg meir enn ei ny skattelov og klart å endre ein del forskrifter. Han utgjer berre ein tredjedel av den føderale styresmakta, og lobbyen styrer både Representanthuset, Senatet og til ein viss grad Det kvite huset. Heller ikkje Trump får ikkje gjort så mykje om ikkje lobbyen er med på det. Som europearar uroar vi oss sjølvsagt for tryggingspolitikken, men det treng ikkje amerikanarane gjere. Så for ein amerikanar har ikkje Trump vore på langt nær så ille som ein vil tru om ein les New York Times, seier Høeg.
– Set dei deg i ein mektig komité, må du halde fram med å betale, og gjer du ikkje det, sit du ikkje der lenger.
Hans Høeg