– Realistisk og naudsynt med auke
Folketalet i distrikta går nedover på grunn av lågare fødselstal, lågare innvandring og fråflytting. Statsråd Sigbjørn Gjelsvik (Sp) meiner det er realistisk å få til vekst igjen – også utan auka innvandring.
Kommunar etter sentralitet. Raudt markerer dei mest sentrale og blått dei minst sentrale kommunane, der folketalsutviklinga også er særleg krevjande. Biletet er henta frå Stortingsmelding nr. 27 (2022–2023) Eit godt liv i heile Noreg – distriktspolitikk for framtida, som vart lagd fram tysdag.
Tysdag la regjeringa fram ei distriktsmelding med nytt mål. I staden for å jobbe for å halde oppe hovudtrekka i busetnadsmønsteret i distrikta, som tidlegare regjeringar, skal målet framover vere å snu folketalsutviklinga i distrikta frå nedgang til auke.
Dag og Tid har snakka med kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).
– Kva tidsperspektiv har de for å få til ein auke?
– Vi har ikkje sett nokon konkret dato, men det er ein tydeleg ambisjon frå vår side at folketalet i distriktskommunane skal auke. Noko som er gledeleg, er at tal frå i fjor også syner at mange distriktskommunar hadde folketalsauke. Det kjem i stor grad av at mange flyktningar frå Ukraina vart busette i distriktskommunar, men det handlar også om ny vekst og positiv utvikling mange stader.
– Gjennom dei fem åra før i fjor gjekk folketalet likevel ned i 200 av dei minst sentrale kommunane rundt om i landet, og i meldinga vert det forklart med lågare innvandring, færre fødslar og ei sentraliserande flytting. Kor realistisk er det å få til auke mot desse større trendane?
– Det er både realistisk og naudsynt. Det er heller ikkje slik at trendar går i ei rett line over tid. Etter pandemien har vi sett at fleire er interesserte i å busetje seg i eller i større grad enn før jobbe frå ein distriktskommune. Nokre av dei store industriutviklingane som er på gang no, skjer òg i distriktskommunar. Det gjev stor framtidstru.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.