Politikk
Regjeringa vil ikkje levere lovevaluering
Stortinget kravde i 2006 ei evaluering av den nye offentleglova etter at ho hadde verka i nokre år. Men korkje Solberg-regjeringa eller Støre-regjeringa har kome med ei slik evaluering til Stortinget.
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) i Stortingets spørjetime i fjor. Høgreleiar Erna Solberg i bakgrunnen.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Offentleglova som skal gje innsyn i offentlege dokument, er det viktigaste verktøyet for at presse og opinion skal kunne fylgje med og delta i samfunnsutviklinga, ein føresetnad for demokratiet. Dette blir jamt slege fast i 17. mai-talar frå politikarane, ikkje minst i Stortinget.
I mai 2006 vedtok Stortinget ei ny lov som skulle avløyse den gamle lova frå 1970. Den nye lova vart først sett i verk frå 1. januar 2009. Det uttala siktemålet var å utvide og sikre innsynsretten.
Kravde evaluering
I innstillinga frå justiskomiteen på Stortinget gjekk alle partia inn for at Regjeringa skulle utarbeide ei evaluering av korleis lova fungerte etter at ho hadde fått verke nokre år. Justisdepartementet hyra i 2014 inn det private selskapet Oxford Research AS til å evaluere den nye lova. I februar 2016 vart rapporten send ut på open høyring med svarfrist 25. mai 2016. Det kom inn 116 høyringssvar. Men så var det stopp. Korkje Solberg-regjeringa, Støre-regjeringa eller Justisdepartementet har på noko tidspunkt kome med vurderingar eller konklusjonar om korleis dei ser på praksis med den nye offentleglova.
Når Dag og Tid nå har etterlyst korleis det går med denne evalueringa, er svaret å vise til rapporten frå konsulentfirmaet. Kritikk og innspel som har kome frå alle instansane som tok seg bryet med å utarbeide høyringssvar, har departementet openbert ikkje funne grunn til å bry seg med, langt mindre informere Stortinget om.
Flengande kritikk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.