Kommentar

Reinsdyr og rein kraft

Regjeringas energiplanar i Finnmark lar seg ikkje gjennomføre – på grunn av urfolkspolitikken.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap), finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) held pressekonferanse om elektrifisering av Melkøya.
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap), finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) held pressekonferanse om elektrifisering av Melkøya.

Tysdag denne veka reiste statsminister Støre, finansminister Vedum og olje- og energiminister Aasland til Hammerfest. Statsministeren innleia med å seie at dei hadde reist til Finnmark for å markere ein historisk dag. Ikkje berre for Hammerfest, ikkje berre for Finnmark, men for heile Noreg.

Dei hadde tatt ei avgjerd som skulle skape «aktivitet, optimisme og tryggleik». Det var «eit stort kraft- og industriløft som vil sette spor og skape verdiar i heile Finnmark og i heile Nord-Noreg».

Det skal byggast tre nye kraftliner, og massivt med fornybar energi i Finnmark. Melkøya skal elektrifiserast!

Utropsteiknet er mitt. For sjeldan har ein sett kroppsspråk og andletsuttrykk harmonert dårlegare med eit påstått gledesbodskap. Om ein kom inn i eit rom med TV-en på, men lyden av, og berre hadde mimikken til ministarane å gå på, ville det vore uråd å seie kva pressekonferansen handla om: «gladsaka» Melkøya, eller om at mykje infrastruktur i Sør-Noreg var i ferd med å bli tatt av valdsame flaumar og leirras.

Ekstremvêret hadde vore varsla i ei veke. Ein kunne trudd regjeringa håpa på at den kontroversielle Melkøya-avgjerda ville drukne i bilete av bilar og hus som blei førte ned elver og smadra mot bruer.

I Nord-Noreg var det sol og varme, berre kommentarfelta fløymde over. Politisk redaktør Skjalg Fjellheim i Nordlys sat klar: «Dette er helt uforståelig og symbolpolitikk på sitt verste, slik kraftsituasjonen i Nord-Norge er. Det er en fullstendig overkjørsel av politikk, næringsliv og breie lag av befolkningen i hele landsdelen (...) For Arbeiderpartiet er dette dramatisk. Det er slik folkepartier faller og forsvinner, når de slutter å legge øret til bakken og lytte.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement