Energi
Rekning med annan vert
Får regjeringa gjennomslag for havvindplanane sine, inneber det ei unikt høg rekning som skattebetalarane må betala.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på ein pressekonferanse om havvind i Marmorhallen i Oslo der han lova meir av alt: fleire havvindturbinar, fleire kraftkablar og større tryggleik for norske kraftkundar. At også subsidiane skal opp, sa seg sjølv.
Foto: Lise Åserud / NTB
For ti år sidan, i august 2012, gav Kjell Roland eit intervju til Teknisk Ukeblad. Det han sa, var på ingen måte sensasjonelt, og andre har sagt liknande ting, til dømes Jens Stoltenberg, og for den del Dag og Tid, som i femten år har åtvara mot utviklinga i kraftmarknaden. Men Roland var likevel uvanleg presis i sin spådom om kvar vi kom til å hamna. Roland var i si tid ein av grunnleggjarane av analyseselskapet Econ, som i sin tur vart premissleverandør for deregulering av den norske kraftbransjen i byrjinga av 1990-åra.
Overskrifta var enkel: «– De grønne sertifikatene er som gift for kraftmarkedet». Ingressen var òg klar: «Fra å ha et av verdens beste energisystemer er vi på vei til å få et dyrt og middelmådig et, mener Kjell Roland.»
Heilskap?
Roland sa at ingen lenger tenkte heilskap om kva slags kraftsystem vi ville ha og kva vi ynskte å nytta kraft på. Han sa at elsertifikata som subsidierte fram ny kraft, var ein import av dysfunksjonelle europeiske kraftsystem, som igjen ville føra til massive og ikkje-naudsynte kraftnett gjennom urørt natur, og at alle denne nye og subsidierte krafta kom til å føra til krav frå kraftselskapa om nye kablar til kontinentet og «import av tyske priser».
Alt med subsidiar var feil, sa Roland og peikte på at vi hadde fått marknadssystemet 20 år tidlegare for at vi skulle få billig kraft der det var trong for krafta, og at eventuell ny kraft skulle koma på basis av at ho var lønsam for Noreg som heilskap og marknadsbasert der ho eventuelt vart bygd ut. No var heile dette systemet i ferd med å verta øydelagt av di særinteressene som bønder, kraftselskapa, LO og NHO ville ha all denne nye og subsidierte krafta.
På spørsmål om kvifor vi var i ferd med å hamna ein stad få ynskte å hamna, svara Roland slik: «Fordi vi ikke har klart å se helheten i virkemidlene vi har til rådighet. Vi har organisert ansvaret i biter. Statnett skal bygge overføringskabler, mens kraftvolumet som kommer fra elsertifikatmarkedet kommer helt ut av lufta og har ingen sammenheng med behovet i det norske systemet. Da bare ruller tingene videre.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.