Forsvar

Rekrutteringsvanskane i Forsvaret

Forsvarskommisjonen tilrår å auke personellet i Forsvaret med 20 prosent i løpet av relativt kort tid. Men Forsvaret slit alt i dag med å fylle ledige stillingar med kompetansen som trengst.

Personellauken som forsvarskommisjonen tilrår, inneber at om lag 4000 fleire enn i dag bør velje ein karriere i Forsvaret framover. Biletet er frå Forsvarets fellesopptak til Sjøforsvarets befalsskular og krigsskule.
Personellauken som forsvarskommisjonen tilrår, inneber at om lag 4000 fleire enn i dag bør velje ein karriere i Forsvaret framover. Biletet er frå Forsvarets fellesopptak til Sjøforsvarets befalsskular og krigsskule.

Forsvarskommisjonen som la fram ein rapport for nokre veker sidan, teikna eit nedslåande bilete av den norske forsvarsevna og tilrår både ei kraftig styrking av og store endringar i forsvarssektoren.

Kort fortalt trengst det ifølgje kommisjonen meir pengar: 30 milliardar kroner meir årleg inn på forsvarsbudsjettet med det same og endå 40 milliardar kroner meir årleg dei neste ti åra, altså 70 milliardar kroner årleg over ti år, er tilrådinga. I tillegg trengst det både ein auke, ei fornying og ei modernisering av materiell og eigedom, bygg og anlegg. Og det trengst meir folk i Forsvaret. Talet på soldatar som Noreg kan stille med ved krise og krig i dag, er ifølgje kommisjonen «langt under nivået som sikkerhetssituasjonen tilsier».

70.000 personar

I dag har Forsvaret nær 18.000 tilsette og ein samla styrkestruktur på rundt 70.000 personar – Heimevernet inkludert – om det skulle vere behov for full mobilisering. Forsvarskommisjonen tilrår ein auke på 20 prosent, og det i løpet av relativt kort tid. Det vil innebere innkalling av om lag 2000 fleire vernepliktige enn dei 9840 personane som skal gjennomføre fyrstegongsteneste i år. Det vil òg innebere at om lag 4000 fleire vel ein karriere i Forsvaret og vert verande der, og at det trengst rundt 8000 fleire reservistar, altså personar som er tenestepliktige, men som jobbar utanfor Forsvaret i fredstid.

Sett i lys av den samla styrkestrukturen under den kalde krigen er ikkje ein auke på 20 prosent særleg mykje. På 1970- og 1980-talet hadde Forsvaret mellom 30.000 og 40.000 i teneste til dagleg, medrekna vernepliktige i fyrstegongstenesta, og den samla styrkestrukturen var på opp mot 350.000 personar. Det skriv forskarane Ola Bogen og Magnus Håkenstad i boka Balansegang. Forsvarets omstilling etter den kalde krigen.

Ut frå utdanningskapasiteten og utdanningsstrukturen i Forsvaret i dag kan ein auke på 20 prosent derimot vere svært mykje. Stein Helge Kingsrød, som er major ved Forsvarets høgskule og har forska på reformeringa av personellsystema i Forsvaret, meiner auken som Forsvarskommisjonen argumenterer for, kjem til å vere krevjande å få til – i alle fall på relativt kort tid.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement