Kunstig intelligens

Robotane lagar sine eigne fakta

Chatbotar diktar opp si eiga sanning.

Publisert Sist oppdatert

Fleire og fleire bruker såkalla chatbotar for å få svar på store og små spørsmål. Men er svara som robotane gir, til å stola på?

– Nei, svarer professor Lilja Øvrelid, ved Institutt for informatikk ved Universitetet i Oslo, som forskar på kunstig intelligens.

– Det er ikkje ein god teknologi for å sjekka sanningsgehalt, seier ho.

Førre veke rapporterte NRK om nordmannen Arve Hjalmar Holmen, som hadde klaga OpenAI inn til Datatilsynet etter at ChatGPT framstilte han som barnemordar. I ei anna NRK-sak kom det fram at ChatGPT hadde brukt det russiske nyhendebyrået Tass som viktig kjelde i eit dokument om migrasjon i USA.

Forskarar åtvarar no mot å bruka ChatGPT og andre chatbotar som kunnskapskjelde.

Me testar ChatGPT

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement