Det var eit mektig syn i det raketten Spectrum blei skutt opp på Andøya sist søndag. Trass i at han ikkje kom så høgt. meinte Daniel Metzler i Isar Aerospace ay oppskytinga var ein suksess.

Romfartshistorier

Sist søndag styrta ein rakett ved Andøya etter eit knapt halvminutt i lufta. Alle var einige om at det hadde vore ei fin oppskyting. Korleis kunne dei meine det?

Publisert Sist oppdatert

– And we have liftoff for Spectrum!

Å, det var ein slik grisefin vinterdag i nord! Andøya låg under ei tynn breisle av lysande nysnø, og over det mørkskimrande havet hang sola på slørblå himmel. Og ytst på ei steinfylling i vest lyfta den potente raketten seg langsamt frå utskytingsrampa i eit brøl av flammar og røyk. Målet var verdsrommet.

I eit provisorisk TV-studio like ved sat tyskaren Adrian Beil og kommenterte den historiske hendinga i ein livestream på YouTube. Han hadde øyreklokker med mikrofon, ja, som ein helikopterpilot, og ei svart T-skjorte med teksten: «Going full Spectrum». Med ein hale av flammar akselererte raketten, opp, opp, og det var eit mektig syn mot det nordlandske landskapet, og snart var han på høgde med Børtinden.

– Raketten har forlate tårnet og har no starta på styringsmanøveren, sa Beil på engelsk med tysk aksent. Aftenposten sende ut nyhendevarsel: «Nå er Andøyaraketten skutt opp. Norge kan utfordre Elon Musk og stormaktene som romfartsaktør».

Romfartsnasjonen

Tenk det, endeleg var Noreg med i romfartskappløpet. Mot Elon Musk, mot stormaktene.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement