Bispevigsel

Røykjelse eller glutenfrie oblatar?

Kva fortel ein bispevigsel om skilnadene mellom Den katolske kyrkja og Den norske kyrkja? I vinter drog eg på to bispevigslar i Oslo.

  

Biskopar frå fleire kyrkjesamfunn bad for Sunniva Gylver under sjølve vigselen.
Publisert Sist oppdatert

Den 18. januar, St. Olav domkyrkje i Oslo: Fredrik Hansen skal bli ordinert til ny katolsk biskop. Eg tenkjer på teksten om den aller fyrste ypparstepresten, Aron, bror til Moses, då han blei vigsla til teneste: «Herren sa til Moses: Hent Aron og sønene hans, ta prestekleda, salvingsoljen, syndofferoksen, de to vêrane og korga med usyra brød. Kall saman heile forsamlinga…!» (3. Mos 8, 1–3)

Det var nok ikkje like vakre klede den dagen, ikkje glinsande vev og gullskimrande kapper. Ikkje slik eit vakkert rom. Ingen kardinal frå Vatikanet. Ikkje benker med kneleskamlar. Men noko er vel likt? Den lada stemninga. Mystiske ritar. Dei truande samla i forventing. Salvingsoljen og dei synlege teikna på at den utvalde er ein leiar.

For bispestaven, bisperingen og mitraen er på plass, ventar på den nye beraren. Røykjelsen ligg som eit tynt, grått slør over kyrkjerommet. Det syd av gamaltestamentlege konnotasjonar: «Du skal (…) kle Aron i kjortelen, kappa, efod-drakta (eit slags forklede, journ.merk.) og bryststykket, og binda efod-beltet om han. Set turbanen på hovudet hans, og fest det heilage diademet på turbanen. Så skal du ta salvingsoljen og hella ut over hovudet hans og salva han.» (2. Mos 29, 5–7)

Det er enkelt å sjå dei nære likskapane mellom den kultiske jødedomen og Den katolske kyrkja.

Ikring meg er nonner i alle slags drakter. Ei overflod av vakre blomar på hovudalteret og dei to sidealtera. No skal det skje. Trufast mot tradisjonen skal tre biskopar legge hendene på den nye biskopen, og slik sikre den apostoliske suksesjonen: Alle biskopar har blitt velsigna av biskopar som er vigsla av biskopar, heilt tilbake til Peter, altså paven, som den fyrste biskopen av Roma.

I Det nye testamentet blir bispeembetet skildra dels administrativt og dels åndeleg. Biskopen er både øvste sjef og tenar for alle. Administrator og vaktar av den rette læra. I Paulus’ brev til Titus blir biskopen kalla «Guds hushaldar». I Apostelgjerningane er påboda tydelege: «Ta vare på (….) heile den flokken som Den heilage ande har sett dykk til å vera tilsynsmenn for! Ver hyrding for Guds forsamling!»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement