Helse

Rusmisbruk, straff og depresjon

Straff stoppar ikkje rusavhengige, og skjermar hjelper ikkje mot einsemd, meiner Johann Hari.

– Det motsette av å vera rusavhengig, er ikkje å vera rusfri. Det er å ha menneskelege relasjonar, seier Johann Hari.
– Det motsette av å vera rusavhengig, er ikkje å vera rusfri. Det er å ha menneskelege relasjonar, seier Johann Hari.
Publisert

I vår skal regjeringa røysta over ny rusreform. Utvalet som i 2019 vart sett ned for å sjå over den norske lovgjevinga, tilrår at mindre narkotikalovbrot ikkje lenger skal kriminaliserast. I utgreiinga si har dei mellom anna sett på den portugisiske modellen.

– Det gjer dei lurt i, seier Johann Hari.

Han er ingen dokter eller psykiater, men journalist og forfattar som ikkje slår seg til ro med det rådande synet på rus og depresjon. Grunnane er nære: Hari har rusavhengige i familien, og han har sjølv slite med depresjon sidan tenåra.

– Eit av dei fyrste minna mine er at eg prøver å vekkja opp ein familiemedlem som ikkje vil vakna. Seinare har eg skjønt at personen var rusa.

Hari ville finna ut kvifor somme menneske vert avhengige, og korleis han som pårørande kunne hjelpa dei best. Han reiste verda rundt, intervjua leiande forskarar på feltet, vitja stader prega av store rusproblem og stader der problema har minka. Dette resulterte i boka Chasing the Scream (2015).

Nytt spørsmål, nytt bokprosjekt. Kvart år Hari har levd, har depresjon og angst vorte meir og meir utbreidd i den vestlege verda. Kvifor er det slik, og kva kan vera løysinga? Ein ny tur verda rundt vart til boka Lost Connections (2018). Begge bøkene har toppa bestseljarlister.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement