Kommentar
Russisk gaffel
Vladimir Putin driv med høgt spel i Ukraina. Det kan vise seg å vere eit sjakktrekk.
President Vladimir Putin på den årlege pressekonferansen i Moskva 23. desember i fjor.
Foto: Alexander Zemlianichenko / AP / NTB
Store ting skjer i verda. Det kan gje oss krig i Ukraina i ein skala vi neppe har vore vitne til i Europa sidan den andre verdskrigen. Men det er altså ikkje risiko for krig i Ukraina med Russland på ei side og USA, med Storbritannia som støttespelar, på den andre som er det store som skjer. Det er endringane i verda som er det store.
Om det vert krig, er det fordi nokon har feilkalkulert. Trusselen om krig er eit teikn på kor viktige strategiske interesser som no står på spel og står mot kvarandre. Krigsfaren er eit symptom.
Verda er raskt på veg mot ein ny orden. Frå ei unipolar verd med eit suverent USA i spissen har vi lenge vore på veg mot noko anna: ei multipolar verd med fleire maktsentra eller ein bipolar verdsorden med USA og Kina i kvar sin ende.
Covid-19 har ført til at strukturelle endringar i verda går raskare. Ei anna årsak til at utviklinga har skote fart, finn vi i etterdønningane av fire år med Donald Trump i sjefsstolen i USA. Som tidlegare sjef for CIA Michael Hayden uttrykte det i 2019: «Den mest destabiliserande krafta i verda i dag er USA».
Donald Trumps epoke i Det kvite huset har gjort at dei som søkjer nye tryggleiksstrukturar i verda, har hastverk. Ingen veit kva som skjer etter 2024.
I Donald Trumps presidentperiode klarte Vladimir Putin å opparbeide seg ein sterk posisjon. Det er denne Putin no spelar ut. Det er høgt spel, men Putins politikk i Ukraina kan vise seg å vere eit sjakktrekk. Det minner om ein gaffel. I sjakkverda er gaffel ei felle der ein spelar trugar to av spelarane til motstandaren samstundes, med den verknaden at motstandaren må ofre ei brikke. Taktikaren Putin har plassert motspelaren USA i gaffel. Biden kan velje mellom å gi Putin siger i vest (Ukraina) eller i sør (Kaspia).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.