Teknologi

Russisk rulett med framtida

Kappløpet om kunstig intelligens har utvikla seg frå ein idealistisk draum til ein hard kamp om makt og marknad, der tempoet aukar og varsemda minkar.
  

For to år sidan var det stor debatt om i kva grad det er ansvarleg å halde fram med å trene større og betre KI-modellar, medan me framleis ikkje forstår godt korleis dei fungerer. I april 2023 vart eit oppropsbrev signert av teknologileiarar verda over. Brevet oppmoda til ein seks månaders pause i utviklinga av dei mest avanserte KI-systema og åtvara om at følgjene av eit ukontrollert kappløp ville kunne vere katastrofale.

Men nokon pause blei det ikkje. Dei store aktørane nølte ikkje, og kappløpet har sidan akselerert. Det nylege kinesiske R1-gjennombrotet, som me omtala i Dag og Tid 14. februar, er eit imponerande teknisk framsteg frå DeepSeek – men det har òg blitt ein del av kappløpet, uavhengig av intensjonen bak.

Mange leiarar i KI-industrien har uttrykt uro over dette kappløpet, men farten aukar likevel. Kvifor? Korleis starta dette kappløpet, og kva driv ho framover?

Draumen

Før ChatGPT, før framsteg innan KI blei regelen heller enn unnataket, var det å streve etter å byggje intelligente maskiner ein sær ambisjon. I 2016 forklarte Demis Hassabis, medgrunnleggjar og direktør i KI-selskapet Google DeepMind, til ein journalist i The Guardian at han var på eit oppdrag for å «løyse intelligens, og så bruke det til å løyse alt anna». Journalisten skreiv at «frå nesten kven som helst andre ville utsegna vore latterleg».

Kva meinte Hassabis med å «løyse intelligens» og bruke det til å «løyse alt anna»? Tanken er at intelligens handlar om ei generell evne til å løyse problem, og om ein kan skape ein slik generell intelligens i ei maskin, kan ein nytte denne til å løyse mange andre problem. I staden for å lage eit særskilt verktøy er det som å lage eit system med evne til å lage kva verktøy som helst.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement