Kommentar
«Russiske krigstog, dra til helvete!»
Det store spørsmålet er: Vil dei russiske styrkane nokon gong forlate Kviterussland?
Russiske stridsvogner på jernbanen i Kviterussland før invasjonen tok til i Ukraina 24. februar. No kan dei risikera å møta jernbanepartisanane som kjempar mot russarane.
Foto: Russisk forsvarsministerium
Vi trudde at Russland var sterkare. For to månadar sidan trudde vi at Ukraina ville kollapsa. Og vi var redde for at restane av den kviterussiske staten ville kollapsa like etter. Men den heltemodige motstanden til ukrainarane har snudd opp ned på alt. Mange kviterussarar har verva seg friviljug for å kjempa på ukrainsk side, men til no har det ukrainske forsvaret teke inn få av dei. I mangel på utstyr verte berre dei mest kampdyktige mennene rekrutterte.
I mellomtida saboterer friviljuge jarnbanenettet i Kviterussland. I fleire dagar lukkast kyberpartisanar med å blokkera det elektroniske jernbanenettverket i landet.
Kviterussarar har òg, etter oppmoding frå opposisjonssinna offiserar, delteke i ei rekkje andre meir tradisjonelle sabotasjeaksjonar. Dei har sett fyr på reléskap som fjernstyrer kvar toga går. Motstandsmennene har likevel sørgt for ikkje å kryssa den hårfine grensa. Det vart sørgt for at aksjonane ikkje førte til tap av menneskeliv. Like fullt har dei klart å stansa alle tog, inkludert tog med russiske forsyningar, ei lita stund.
Styrkar langs spora
Orda til den ukrainske grensevakta, «russisk krigsskip, dra til helvete!», har inspirert mange austeuropearar. Kviterussiske jarnbanearbeidarar har faktisk sagt det same til «det russiske krigstoget». Svaret frå kviterussiske styresmakter har vore å plassera ut styrkar langs sporlinene.
I slutten av mars vart fleire enn 30 jarnbanearbeidarar arresterte med mistanke om å ha kontakt med motstandsrørsla gjennom ei eiga nettpratgruppe på Telegram. Desse kom i tillegg til dei titals jarnbanearbeidarane som har vore fengsla ei stund.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.