Kommentar

Russland får kjenna krigen

Den ukrainske innmarsjen på russisk territorium kan vera eit vendepunkt i den to og eit halvt år lange krigen.

Publisert Sist oppdatert

Då ukrainske styrkar i førre veke gjekk inn i det russiske Kursk-fylket, kom det som lyn frå klar himmel. Verda fekk sjå mange øydelagde russiske køyretøy og ikkje minst ei russisk avdeling som kollektivt gav seg over til ukrainarane. Ifylgje presserapportar – som det rett nok er vanskeleg å få stadfesta – skal stemninga i Kreml ha sokke som ein stein.

Det gjorde ikkje saka betre at leiaren for den russiske generalstaben, Valerij Gerasimov, skal ha fått rapportar om den ukrainske styrkeoppbygginga, men nekta å ta dei alvorleg. Mest sannsynleg var Gerasimov – til liks med mange andre militære leiarar gjennom historia – så sikker på eigen suksess at han neglisjerte åtvaringane han fekk.

Tenking på toppen

I skrivande stund står enno eit ukjent tusental ukrainske soldatar langt inne på russisk territorium. Når ein ser på den reaksjonen – eller snarare mangelen på reaksjon – dei blei møtte med då dei gjekk inn over grensa, må ein uvilkårleg tenkja på nokre kjende konstantar i det russiske samfunnet: For det fyrste handlar det om den autoritære kommandostrukturen i landet. Tenkinga skjer på toppen, og dei nede i maktpyramiden har å lyda. Om det skjer noko på bakken som dei på toppen ikkje har tenkt på, då openberrar veikskapen i det russiske samfunnet seg. Dette skjedde tydeleg den 6. august og i dagane etter. Dei ukrainske styrkane kunne meir eller mindre uhindra marsjera inn på russisk territorium fordi ingen på toppen hadde tenkt på at dette kunne henda.

Ein annan konstant er den kroniske mangelen på folk som har særmerkt det russiske samfunnet. Landet har alltid vore for stort til at éin herskar i sentrum har evna å kontrollera det. I dag, når mesteparten av den russiske militærmakta står langs den 1000 kilometer lange frontlina gjennom Aust-Ukraina, ligg resten av grensa mot Ukraina stort sett utan militært vern. Ukrainarane har sjølvsagt visste dette lenge, men heller ikkje dei har hatt folk til å gå laus på dei nesten opne grenseområda til Russland. No har ukrainarane synt at dei har styrkar som dei kan overføra frå sjølve frontlina til andre stader.

Hybrid operasjon

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement