Kommentar

Russland lærer sjeldan

Det som skjedde eitt minutt over midnatt fyrste nyttårsdag i Donbas, seier det meste om det russiske samfunnet og dei russiske militære.

Ein prest leier ein seremoni etter at russiske soldatar vart drepne i Makijivka 1. januar i år.
Ein prest leier ein seremoni etter at russiske soldatar vart drepne i Makijivka 1. januar i år.
Publisert Sist oppdatert

I ein skulebygning i byen Makijivka i Aust-Ukraina hadde russiske offiserar installert fleire hundre ferske rekruttar, dei fleste frå Volga-distriktet. I den same bygningen ser det ut til å ha vore eit ammunisjonslager. Svært mange av mennene som var stuva saman, hadde med seg mobiltelefon. Nyttårsaftan sat dei og ringde heim til slekt og vener.

Dei ukrainske etterretningsfolka kan ikkje ha hatt noko problem med å lokalisera den store samlinga med militært personell. Då Himars-rakettane blei fyrte av frå ukrainskkontrollert område, blei skulebygningen i Makijivka ei dødsfelle. Skal ein tru ukrainske kjelder, blei 400 drepne, mens 300 vart såra. Russland hevdar på si side at 89 vart drepne.

Brotne reglar

Det heile såg ut som ei gjentaking av det som skjedde då den enorme russiske panserkolonnen i februar–mars i fjor var på veg mot Kyiv: Mens krigsherren sjølv, Vladimir Putin, stod fram som den suverene herskaren med total kontroll over alt og alle, braut russiske militære alle reglar for krigføring som ein kan lesa ut av kvar lærebok i militær taktikk. Om ein sender panservogner fram, må ein alltid senda med infanteri og oppklaringseiningar, står det å lesa. Fordi dei russiske generalane braut denne regelen, kunne ukrainske motstandsfolk øydeleggja den eine panservogna etter den andre.

Nesten utruleg var det at dette likna på ein av dei mest illgjetne militæroperasjonane som Russland har gjennomført, nemleg den i Tsjetsjenia nyttårshelga 1994–95. Store panserkolonnar gjekk då inn i byen Groznyj. Heller ikkje dei hadde med infanteri og oppklaringsfolk. Meir enn 200 stridsvogner og pansra køyretøy blei øydelagde, og 7000 russiske soldatar blei drepne, såra eller sakna. Skulda låg hos ei arrogant russisk militærleiing.

Tilsvarande veit alle at ein aldri må innkvartera altfor mange soldatar i same bygning, og ein må ikkje ha eit ammunisjonslager vegg i vegg. Framfor alt må ein ikkje la dei unge gutane sitja og ringja med mobiltelefon, slik at ein motstandar kan lesa kvar teletrafikken kjem frå.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement