Rykte om krig
I den grad det er mogeleg, skal denne teksten ikkje handla om krigen mellom Hamas og Israel, men om ringverknader krigen gjev andre stader i verda.
Måndag 9. oktober vart Eiffeltårnet i Paris lyssett i fargane til det israelske flagget etter Hamas-åtaket mot Israel to dagar før.
Foto: Benoit Tessier / Reuters / NTB
Ringverknadene er mange og varierte. Eit nært og uskuldig døme: Sundag kveld, då me stod i raude landslagstrøyer på eit utselt Ullevål i Oslo for å sjå EM-kvalifiseringskampen mellom Noreg og Spania, vart dei fyrste og førebelse offera i krigen minna. Då hadde me nett sunge kongesangen i ei markering av at Harald 5. var hjå oss på stadion.
Bakgrunnen
I snart to år har ein sett ringverknader av Russland–Ukraina-krigen i form av store og små flagg frå offentlege og private bygningar og demonstrasjonar framføre parlamentshus. Langt merkbarare er ringverknadene av den snart to veker gamle krigen i Midtausten.
Krigen byrja med Hamas-åtaket laurdag 7. oktober, ein sabbat og festdag då 1400 i hovudsak sivile israelarar vart drepne av fleire tusen rakettar frå Gaza og 2500 militante palestinarar. Somme av dei nytta paraglidarar då dei i høgtidshelga gjekk til åtak på ein musikkfestival der kring 250 unge vart drepne.
Dagen etter byrja den israelske bombinga av mål på Gazastripa, der meir enn 2 millionar innbyggjarar er meir eller mindre innesperra på eit område mindre enn Jan Mayen.
Chicago, USA
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.