Utanriks

Sabbat i Safed

SAFED: Det er laurdag og kviledag. Gatene ligg aude her i den gamle byen, tusen meter over havet, heilt nord i Galilea.

Safed: Shlomo Lengler førebur sabbatsmåltidet i lag med born, svigerborn og barneborn.
Safed: Shlomo Lengler førebur sabbatsmåltidet i lag med born, svigerborn og barneborn.
Publisert

Eg drog frå Tel Aviv tidleg i går, med det siste toget før sabbaten, når Israel stoggar i eit døger. Mellom væpna vakter, under stasjonsuret i avgangshallen, stod ein ortodoks og las bøner. Brått smilte han og spurde:

– Er du jødisk? Nei? Kan henda mor di er det. Messias kjem snart.

I går ettermiddag tok eg inn på hotellet i Safed, Artists Colony Inn. Ein gong var planen å utvikla staden til ein kunstnarby, men dei religiøse har teke over.

– Om du treng hjelp med å finna ljosbrytar eller anna teknisk, lyt eg ha beskjed før halv fem, sa eigaren, Shlomo Lengler. Under sabbaten har dei ikkje høve til å trykka på knappar. Eit døger utan dippeduttar lyder som ein klok idé.

– Innan eit kvarter? Eg såg på uret.

–?Sabbaten byrjar før solnedgang. Då kan me ikkje hjelpa deg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement