Saboterer norsk lov

Domstoladministrasjonen som har ansvaret for det norske rettsvesenet, bryt både forvaltningslova og mållova og saboterer pålegg frå Språkrådet.

Sven Marius Urke er direktør for Domstoladministrasjonen, som bryt mållova.
Sven Marius Urke er direktør for Domstoladministrasjonen, som bryt mållova.
Publisert Sist oppdatert

Domstoladministrasjonen (DA) brukte fire og eit halvt år på å utarbeide den såkalla Aktørportalen på nynorsk etter at bokmålsversjonen var lansert i mai 2013. Det var Hordaland mållag som gjorde Språkrådet merksam på mangelen etter å ha oppdaga at korkje Bergen tingrett eller Gulating lagmannsrett, som begge har nynorsk som administrasjonsspråk, hadde Aktørportalen på nynorsk.

Språkrådet har tilsynsansvar for norsk offentleg forvaltning. Språkrådet bad 9. mai i 2017 Domstoladministrasjonen gjere greie for når og korleis ein nynorsk versjon av Aktørportalen ville vere tilgjengeleg for dei domstolane som har plikt til å ha portalen på nynorsk. Språkrådet kritiserte her at Domstoladministrasjonen hadde sett i verk Aktørportalen på bokmål utan å ha ein nynorsk versjon til same tid. Dei fekk frist til 30. mai 2017 med å levere svar.

Fristen vart ikkje overhalden. To nye purringar vart sende frå Språkrådet utan at Domstoladministrasjonen fann grunn til å svare.

«Særleg uheldig»

28. november 2017 sende Språkrådet ei ny purring til Domstoladministrasjonen. Her heiter det mellom anna: «Som me har gjort det klart tidlegare, krev lova at Aktørportalen skal vere tilgjengeleg i fullstendige versjonar i begge målformer. Slik situasjonen er no, har stadig nye domstolar blitt omfatta av portalen, utan at det finst språkstøtte for begge målformer. Det er særleg uheldig at domstolar med nynorsk som tenestemål, slik som Gulating lagmannsrett og Bergen tingrett, ikkje får ein portal som stettar dei pliktene desse domstolane har jf. mållova. Etter Språkrådet sitt syn burde ein aldri ha rulla ut dette systemet før støtte for nynorsk var på plass.»

«Sidan dette no allereie er gjort, ventar me at denne saka endeleg vert teken tak i, og at Domstoladministrasjonen faktisk svarer på dei breva som Språkrådet sender», skriv Språkrådet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement