Fiktivt
Sæle er dei som får siste ordet
Ein rå maktkamp mellom leiarfigurane i Norge IDAG har vekt oppsikt i konservative kristne krinsar. Avisa var ikkje stor nok for både Finn Jarle Sæle og Bjarte Ystebø.
Fire medlemer av familien Sæle sit no sentralt plassert i avisa, med Anita Apeltun Sæle som politisk redaktør, systera hennar som produksjonsredaktør og ein av sønene til Anita og Finn Jarle som dagleg leiar.
Foto: Bjørn Olav Hammerstad
Dei som interesserer seg for medium eller religiøse miljø utanfor hovudstraumen i samfunnet, har hatt nok å lese om denne sommaren. Det har maktkampen som har utspelt seg i vekeavisa Norge IDAG, sørgd for.
Det siste kapittelet vart skrive den 2. august, då assisterande redaktør, «kronprisen» i avisa, Bjarte Ystebø, forlét arbeidsplassen han har hatt gjennom 23 år. Han gjekk på dagen, som det heiter, etter at han i sommar mobiliserte aksjonærane for å overta leiinga av avisa, men tapte.
Den gamle var eldst denne dagen, og den 75 år gamle avismannen Finn Jarle Sæle ser ut til å kunne halde fram som sjefredaktør så lenge han måtte ønskje.
Frå prest til avis
Korleis skal vi forstå denne maktkampen ytst til høgre i Kristen-Noreg? Ein nærmare kikk på profilane og rolla dei har teke opp gjennom åra, kan vere ein start.
Den 17. mars 1999 vart Finn Jarle Sæle avsett som redaktør i ein anna kristenkonservativ avis, Dagen, etter fleire år med interne konfliktar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.