Kommentar
Saka om oberst K.
Ei av Natos verste feilbombingar i Afghanistan førte til drap på titals sivile. No har menneskerettsdomstolen i Strasbourg avvist klagen om manglande tysk etterforsking av obersten som gav ordre om bombinga.
Oberst Georg Klein fotografert på den tyske forlegningen i Kunduz 6. september 2009, tre dagar etter bombinga, som han gav ordre til, av to tankbilar og meir enn hundre personar.
Foto: Anja Niedringhaus / AP / NTB
Den europeiske menneskerettsdomstolen avsa 16. februar dom i saka om oberst K, som den tyske obersten Georg Klein vart kalla i rettsdokumenta. Det var eit ekko frå ein tidlegare fase i krigen i Afghanistan, skreiv ein kommentator i Tyskland, der dommen vekte merksemd.
Ekkoet nådde òg andre Nato-land som framleis er engasjerte i Afghanistan og har kryssa av i kalenderen på 1. mai 2021 – dagen då dei siste amerikanske styrkane skal ut av landet, ifølgje avtalen USA og Taliban underteikna for eit år sidan.
Kapra tankbilar
Seint på kvelden 3. september 2009 fekk oberst K melding om at Taliban hadde kapra to tankbilar og køyrt dei fast i eit elveleie. Staden låg rundt sju kilometer frå basen hans i provinsen Kunduz nord i Afghanistan, der den tyske kontingenten i Natos ISAF-styrke heldt til. Litt seinare fekk han telefon frå ein fast informant i nærleiken: Fleire talibanarar har samla seg i elveleiet og tømmer tankbilane for bensin.
Tømmer tankbilane? Kanskje fyller dei tankane med sprengstoff og køyrer inn i basen. Det vert ei enorm sjølvmordsbombe, tenkjer oberst K (ifølgje den seinare forklaringa hans). Han ber informanten om fleire opplysningar. Er alle Taliban? Ja, seier informanten. Ingen sivile. Det stemmer nok, meiner oberst K.
Det er seint på natta, tenkjer han, folk flest søv og næraste landsby er 850 meter unna. Dessutan har tyske patruljar erfart at Taliban har sterkt fotfeste i området. Oberst K kallar på amerikanske F-15-fly for å bomba tankbilane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.