Samfunnsøkonomi er eit språkfag

Økonomar og politikarar finn kvarandre i metaforar som løyner røyndomen for folk flest.

Forskingssjef Odd Aukrust i Statistisk sentralbyrå (t.v.) saman med bror sin, forfattaren Kjell Aukrust i 1960. Her måler dei to leggane til Odd, som ifølge Kjell er ein statistikk verd, så tynne som dei er.
Forskingssjef Odd Aukrust i Statistisk sentralbyrå (t.v.) saman med bror sin, forfattaren Kjell Aukrust i 1960. Her måler dei to leggane til Odd, som ifølge Kjell er ein statistikk verd, så tynne som dei er.
Publisert

Samfunnsøkonomar er ein forvitneleg stamme som «forutsetter at» verda og røyndomen ser ut som i modellane deira. «Økonomien» er eit drivhjul som kan koma i ulage på grunn av vind og vêr, demografiske endringar, flokkmentalitet, uheldige reguleringar, feil politikk og andre brysame eksternalitetar. Men det høyrer også til det faglege sjølvbiletet at ein kan og skal gje råd om kva styresmaktene bør og må gjera for å få økonomien i betre balanse – for tida om kva som skal til for å få kvinner til å føda fleire barn, til beste for velferdsstaten på mellomlang sikt.

Sivile økonomar er ein konkurrerande stamme som bryr seg mindre om sosiale tilhøve i samfunnet. Dei er mest opptatt av ve og vel for bedrifter og privatpersonar. For dei er samfunnet ein del av vekslande rammevilkår for rasjonelle aktørar som vil redusera usikkerheit og maksimera forteneste gjennom å investera og flytta pengar.

DEI TO STAMMANE har kome kvarandre nærare i nyliberalismens tidsalder, der statleg planøkonomi er ein styggedom. Det sosialøkonomiske hegemoniet er sterkt svekt. Stammane er førte saman i trua på og respekten for den heilage, ålmenne «marknaden» som alle tings opphav, handlande drivkraft, meining og mål. Det er ein underliggande vilje som tvingar seg fram, omtrent som genanes makt hos fundamentalistiske åtferdsbiologar.

Porteføljeforvaltarar og eigedomsmeklarar er verst. Dei tolkar kva marknaden tenker og vil, forventar og er nøgd med. Dei låner frå meteorologien og eksellerer i bølgehøgde, lågtrykk og vindstyrke. Er det god fart i økonomien? Slappar marknaden av, eller frisknar han til?

SJEFØKONOMANE er øvsteprestar. Dei er godt fødde av bankar, interesseorganisasjonar og offentlege institusjonar, men står fram som sannseiarar og nøytrale ekspertkommentatorar – omtrent som fotballtrenarar som har fått sparken og er gjestar i TV-studio før neste seriøse jobb. Begge profesjonane har som kall å vita alt om form og spelestil hos aktørane og ta tempen på konjunkturane – både nasjonalt og globalt. Og på det grunnlaget stilla diagnose og tilrå rett (slanke)kur.

BYRÅSJEFEN begynte ein gong på eit støttefag i sosialøkonomi. Han slutta fordi han irriterte seg over dei sjølvgode økonomane som kunne matematikk og derfor meinte dei hadde presis kunnskap om alt – i motsetning til ordleiken mellom filologar og slumsete samfunnsvitarar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement